To eks-politimenn blir funne myrda innanfor eit kort tidsrom, og felles for sakene er at dei blei myrda på åstaden for uoppklarte drap dei har vært med å etterforske, og endåtil på same datoen som dei gamle drapssakene. Dermed er jakta i gang. Det gjeld berre å finne ut kven som er jeger, og kven som er bytte. Og kvar har det blitt av Harry?
Som vanleg er det fleire trådar i boka, og som heng saman i varierande grad. I tillegg til jakta på politimordaren så får ein mellom anna også innblikk i maktkampen i Oslo byråd og på politihuset, i alle fall slik den ser ut i Nesbø-universet. Delar av handlinga heng for øvrig saman med tidlegare bøker i serien, men det er ingen føresetnad at ein må ha lest tidlegare bøker for å ha glede av denne.
Alkohollikaren Harry lyt som vanleg kjempe mot lengten etter favorittwhiskeyen. Men den største indre kampen i helten vår i denne boka dreier seg om andre dilemma; kor langt kan ein tøye dei moralske prinsippa sine når ein skal prøve å berge nokon som stend ein nær? Det å skrive inn slike problemstillingar i ei krimbok kan fort ende med pinlege plattheiter, men Nesbø greier seg rimeleg greit.
Alt i alt tykte eg dette var ei av dei betre Harry Hole-bøkene. Kanskje ein god nummer tre eller fire, etter Snømannen og Rødstrupe og eventuelt Marekors? Og no er eg for øvrig endeleg ajour i denne bokserien, etter å ha lest 2-3 om året dei siste åra. Så då er det greit, Nesbø, du kan berre kome med fleire bøker. Eg skal lese dei, eg.