Dei fleste liker historier om ein askeladd som vinn prinsessa og halve kongeriket mot alle odds. I denne boka heiter askeladden Wade Owen Watts, i staden for å rote i aska så gøymer han seg vekk på vaskeromet i den råtne slum-boligen til tanta si, der han allernådigst får bu, for å få halde på med PC i fred og ro.

Året er 2044, verda er råka av energikrise, økonomien har kollapsa, og folk flest har eit møkkaliv. Heldigvis finnest det ein virtuell røyndom, OASIS, der Wade gjeng på skule når han må, og ellers nyttar all tid til å drive skattejakt. Det har seg nemleg slik at skaparen av OASIS, som nyleg er avliden, har offentleggjort (post mortem) i ein videosnutt at det er bygd inn ein serie utfordringar som skal leie fram til ein gigangisk skjult skatt, eller «påskeegg», i denne virtuelle verda. Ein viktig føresetnad for å løyse dei ulike utfordringane er at ein er god i gamle dataspel. Enter Askeladd.

Boka er ein gedigen hyllest til 1980-talet, og spesielt til alt som har med arkade-spel og PC-spel å gjere. Eg var sjølv ein frisk og kjekk ungdom i ’80-åra, men det overraska meg kor lite av dei nostalgiske referansane som traff meg. Dette skuldast nok i stor grad at eg ikkje hadde pengar til å spele på arkade-spel, og heller ikkje så ofte anledning til å reise til stadar der slike spel var å finne. (Slike stadar var kjenneteikna av at det fantest lyskryss og bygningar med rulletrapp, og var alminneleg kjent som «by».) Langt mindre hadde eg pengar til å skaffe meg spelkonsoll eller PC. Når musikken eg høyrde på i tillegg stort sett var litt på sida av det som presenterast i boka, så blei graden av attkjenning litt lavare enn eg hadde vona.

Eg las denne saman med den dystopiske lesesirkelen, artig med slike diskusjonstrådar. Miljøet i boka sin røyndom er rett nok av dystopisk karakter, men eg er usikker på om det er rett å klassifisere boka som dystopi sidan det aller meste av handlinga gjeng føre seg i eit virtuelt miljø. Science fiction passar heller ikkje heilt. Men båsen er ikkje så nøye, boka er for all del god likevel, det er eit interessant plot, og eg kosa meg veldig med den. Det skal for øvrig lagast film av boka, det skal bli moro å sjå den når vi kjem så langt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Harald KAmanda AMarianne MStig TTherese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn Hjortland