Slår eit slag for Jorge Amado igjen, eg. Eg meiner å minnest at du likte Steinbeck godt, Amado og Steinbeck hadde det til felles at dei skildra personar på skråplanet med ein varm humor (og no tenker eg nok spesielt på Dagdrivergjengen og Cannery Row). Det er nok ikkje så enkelt å få tak i Amado sine bøker på norsk, med litt tålmodigheit kan dei sikkert skaffast frå bibliotek, og med ein god porsjon flaks kanskje også frå bruktbokhandlar. Men vil ein lese på engelsk, eller som meg på portugisisk, så ser det ut for å vere ganske grei skuring å skaffe nokre av dei meir populære titlane.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Ja du har helt rett, Jostein - jeg elsket Dagdrivergjengen og Cannery Row og er generelt svært glad i John Steinbeck! En ny forfatter med hans humor - og alvor - høres ut som en drøm.

Jeg ser at Tereza Batista er lett å få tak i på antikvariat.net. Anbefaler du den, eller er det andre av Amados bøker som har dette fellesskapet med Steinbeck?

Hjertelig takk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har ikkje lest Tereza Batista sjølv enno, men eg er ganske viss på at i det minste deler av historia sorterer inn under denne kategorien. Det er også ei av Amado sine mest kjende bøker, så det er sikkert ikkje tilfeldig at den er den lettaste å få tak i på norsk.

Av dei av Amado sine bøker eg har lest, er det kanskje A morte e a morte do Quincas Berro d'Agua som ligg tettast opp til dei nemnde Steinbeck-bøkene, denne tviler eg sterkt på er å finne på norsk, men den finnest i alle fall i engelsk oversetjing.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundPiippokattaStian AxdalAmanda ACamillaNorahAnne Berit GrønbechReadninggirl30ChristofferVariosaEllen E. MartolToveHarald KKarin BergMathiasPer LundJulie StensethRisRosOgKlagingTom-Erik FallaBente NogvaTone R BLailaIngvild SReidun SvensliTorill RevheimHege LRufsetufsaPia Lise SelnesGunillaLars Johann MiljeMads Leonard HolvikEirin EftevandJohn LarsenHelena ERonnyAvaHeidi LEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsMarianne M