I tillegg til eit par av bøkene som stend på den gamle lista (ein kan kanskje luke bort dei som fekk færrast stemmer?) så har eg tenkt ein del på Vi av Jevgenij Zamjatin. Den skal visst ha vært ei inspirasjonskjelde for både Geroge Orwell og Aldous Huxley, og det ser ut for at den skal kome i ny, norsk utgåve om eit par veker og bør såleis vere lett å få tak i. Den har forøvrig kome på norsk minst ein gang før, på nasjonalbiblioteket ligg det ei utgåve frå 1959, så med litt flaks kan ein kanskje også finne brukt-eksemplar? Eg gjeng ut frå at den er kurant å få tak i på engelsk også, eller kanskje på russisk for den som heller vil lese på originalspråket?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Sidan Vi ligg i tetsjiktet i avstemminga (delt 2.-plass nett no) så skuldar eg å gjere merksam på at lanseringa av den nye norske utgåva er noko forseinka i forholdt til prognosen då eg skreiv innlegget over. Eg har tatt kontakt med Solum, dei seier at dei er i innspurten for lanseringa, og håper på å få den i handelen rundt midten av september.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KPiippokattaKarin BergHilde VrangsagenTanteMamieBjørg RistvedtIngunn SRisRosOgKlagingStig TKirsten LundTove Obrestad WøienLailaBjørg Marit TinholtEvaMarianneNJulie StensethMorten MüllerHeidi HoltanHelena EHenrik  Holtvedt AndersenTonje-Elisabeth StørkersenHilde H HelsethBerretMariaHåvard EngeFarfalleCathrine PedersenDemeterEivind  VaksvikLars Johann MiljealpakkaRune U. FurbergEster SEllen E. MartolTone Maria JonassenGodemineToveCarolineBjørg L.Tone NorenbergIvar Sand