Skal på gjeterhundkurs i helga, instruktøren er ein av oversetjarane til denne boka. Då blir det nok nokre faglitterære aha-opplevingar undervegs, gjeng eg ut frå.

Vidare så er det fullt opp med lesesirkelbøker denne helga, Ready player one og Brødrene Karamasov. Håper det blir tid til å lese ein del i dei.

Det blir jo nødvendigvis ein del bilkøyring i løpet av helga. Då må ein sjølvsagt ha lydbok. Og no får eg litt panikk, for eg har ikkje bestemt meg for kva bok eg skal laste ned enno. Men eit kvart må det no bli.

God Helg!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Og lydboka blir Robinson Crusoe. Det bør vere bankers for ein fin køyretur.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Oj, hvilke ungdomsminner! At du nevner Robinson Crusoe hensatte meg både til ungdomstida og til selve leseropplevelsen av nevnte roman. Jeg måtte, av gammel vane, gløtte innom amazon og skumlese litt, og nå får jeg sannelig lyst til å lese Robinson Crusoe igjen! Ikke for å være på sporet av den tapte tid, men for å erfare hvordan jeg opplever romanen i dag. Hvilken versjon lytter du til? Ser at audible har en rekke versjoner (flere full-lengde-versjoner så vel som flere forkortede versjoner).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jau, eg gleder meg til denne. Har sikkert lest den medan eg gjekk på barneskulen, men tipper det var ein nedkorta versjon tilrettelagd for barn. Eg skal høyre ei gratis-utgåve frå Loyalbooks. Reiknar med det er ei uavkorta utgåve. Lengda er 11 timar og 24 minutt. Eg blei litt skeptisk då eg såg at teksta på Project Gutenberg er på over 600 sider, men eg ser at der er ganske lite tekst pr side så då kan det nok stemme. Når eg googlar etter uforkorta utgåver så finn eg lengder på mellom 10 og 15 timar, så då er det sikkert greit.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kan det stemme at den lydbokutgaven er innenfor LibriVox? - Privatpersoner som leser opp bøker hvis copyright har utløpt?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det stemmer sikkert. Kvart kapittel startar med "This is a LibriVox recording, all LibriVox recordings are in the public domain, etc. etc.".

For øvrig har eg blitt ganske nøye med å sjekke kvaliteten på lesinga før eg lastar ned desse lydbøkene, der er ganske varierande kvalitet på opplesarane. Det grellaste eksemplet eg har vært ute for er truleg dette. Eg saksar frå omtalen eg skreiv:

Det var mande ulike opplesarar som veklsa på å lese dei ulike kapitla, og det var svært varierande kvalitet på dei. Enkelte gangar fekk eg kjensla av at opplesinga var ein del i eit prosjekt for folk med lese- og talevanskar, og når eg trudde det ikkje kunne bli verre så kom det pinadø også ein deltakar i eit grunnkurs i engelsk for innvandrarar. Det er kanskje dårleg gjort å klage over ei bok som eg har lasta ned gratis, men det kan vere greit å tipse om at den som ynskjer å høyre den som lydbok godt kan leite etter ei anna innspeling.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

He-he, du slette tid - det virker som om du har lyttet til en god sammensausing der. Er vel en grunn til at det er gratis :-) Men man kan sikkert komme over greie opplesninger der også. Som den lydbok-fantasten jeg er, må jeg jo si at jeg alltid prøvehører/kjører kjerra før jeg eventuelt velger å kjøpe den; audible er i så måte favoritten her :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KBerit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger MartinsenDemeter