"Just kids", Patti Smith
Førr ei bok - førr ei dame, og for ein kunstnar. Multikunstnar.
Patti Smith. Smak på namnet. Du har høyrt det før. Somme meir enn andre, alle har høyrt namnet, men ikkje alle har høyrt musikken, og dei færraste har lese noko ho har ført i pennen. Eg likar musikk med dei gode tekstane, og ser på det som god poesi, så at ei som lagar musikk også kan skrive ei bok er inga overrasking, men at ho treff så godt hadde eg ikkje venta.
Morosamt å lesa om åtte år gamle Patti sin fascinasjon over bøker. Kor dei påvirka fantasien, leiken og livet. Kor dei åpna augene mot verda. Somme stadar i boka sat eg som fjetra, bladde, googla og las.
Boka er det ein kan kalle lettlest, men der er store muligheter for en grundig kunstreise hvis ein som meg likar å slå opp referanser forfattaren skriv inn. Her var det mange forskjellige kunstnarar å bli kjende med om ein vil eller må ha alle detaljar klar når ein les.
Det vart litt i overkant, men det høyrer så absolutt med til heilheita.
Boka er ei reise. Ei reise i tid og forskjellige kunstformer, men med hovedvekt på Patti Smith og Robert Mapplethorpe sitt forhold - som var heilt spesielt på mange plan.
Å lese denne var ei utruleg reise - med masse musikk og andre kunstnarar som eg måtte innom.
Boka er forresten oversatt av Brit Bildøen, som har skrive ei flott bok eg kan anbefale. "Sju dagar i august" vann Romanprisen i fjor. Patti Smith likar forresten Jo Nesbø, og har lest inn ei av bøkene hans på lydbok.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn SHanne Kvernmo RyeTine SundalBård StøreTonesen81PiippokattaDemeterVannflaskeBjørg RistvedtVanja SolemdalPirelliNikkaBjørg Marit TinholtEmil ChristiansenKjersti SAvaVibekeReidun SvensliPer Åge SerigstadBertyGrete AastorpStig Tchrister hafsten thorsengHeidi LIngunnAmanda AKserinaEllen E. MartolAkima MontgomeryRoger MartinsenKirsten LundHarald KLene AndresenEvaSynnøve H HoelTonjeRisRosOgKlagingJohn LarsenTheaAnn Christin