Egentleg burde eg no ha nytta tida til å fylle ut kjedelige skjema for reisekompensasjon. Men det hastar slett ikkje enno, derfor gjer eg heller noko anna som også opplevast som nyttig, og som eg har meir lyst til nett no, nemleg å skrive ei lita bokomtale. Og det er nettopp dette denne vesle boka handlar om; korleis ein kan utnytte vegringa for å gjere ei oppgåve til å få gjort andre oppgåver i staden for.
Perry er filosofiprofessor (emeritus) ved Stanford University, og er også tilknytt University of California, Riverside. Det skadar heller ikkje å nemne at han er medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi. Men trass alt dette skal ein ikkje sjå bort får at han har noko vetugt å fortelje. Og det er mykje vetugt i denne boka. Det starta med at han skreiv eit essay om strukturert prokrastinering i 1995. Dette kom på prent i tidsskriftet Annals of Improbable Research, noko som i sin tur leia til at Perry fekk Ig-Nobelprisen i 2011. Deretter lot han seg overtale til å spinne vidare på konseptet, og gi ut ei bok.
Det opphavelege essayet er kapittel 1 i boka. Eg vil hevde at langt på veg så er det meste sagt i dette kapitlet. Men eg forstår jo at boka ville blitt i overkant tynn med berre 7 sider. Og, jaudå, dei øvrige kapitla tilfører faktisk noko til boka, sjølv om dei beste poenga alt er brukt opp. Innimellom så er han også ganske vittig, så det er ikkje bortkasta tid å lese igjennom heile boka. Men det kan vere lurt å vente med det til ein har nokre viktigare oppgåver som heller burde vært gjort.