Når er ein på toppen? Bør ein bli lukkeleg av å nå den? Når bør ein merke at ting er i ferd med å gå ad undas? Og i kor stor grad kan ein sjølv styre unna undergangen? Slike spørsmål tumla eg med etter å ha lest igjennom denne boka.

Familien Buddenbrook har i fleire generasjonar drive handelshus i ein by som ikkje er spesifisert som Lübeck, men som er Lübeck like fullt. Mann tek lesaren med gjennom store delar av 1800-talet og gjennom livet til tre generasjonar av familien der Thomas Buddenbrook som representant for nest siste generasjon i slekta gjer det godt både i forretningar og i politikken. Men dei fleste familiemedlemmene rundt han dreg ikkje i same retning; broren er notorisk udugeleg i forretningar og dessutan ein latsabb og slyngel, søstera er forsåvidt ekskludert frå å bidra i og med at det er mannfolka som styrer, og sonen har heilt andre anlegg og interesser enn faren.

Det er eit stort persongalleri i boka, dei fleste frå det øvre sosiale lag i byen, men ein blir også litt kjend med tenarskap og anna folk. Søstera til Thomas, Tony, er den mest framtredande gjennomgangsfiguren. Ambisiøs, men også impulsiv. Ho er opptatt av stil og klasse, og kan også vere rørande naiv. I starten av forteljinga var eg viss på at denne jenta var det såpass tak i at ho ville vere ein ressurs for familiebedrifta. Når det ikkje gjekk slik, greier eg ikkje å bli samd med meg sjølv om dette berre skuldast at damer ikkje var tiltenkt nokon plass i forretningslivet på denne tida.

Uansett, boka er eit mektig portrett av ein familie, ein handelsby og ein tidsepoke. Eg las denne boka saman med kjell k sin lesesirkel, det var som vanleg moro med deling av tankar, kommentarar og observasjonar undervegs.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

RufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieTonjeNorahcathyHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland Skjeggerud