Verda har gått under. Gått under jorda, bokstaveleg talt. Ei ukjend katastrofe for mange generasjonar sidan har gjort det uråd å opphalde seg på jorda sin overflate. Men det finnest eit samfunn, eit uspesifisert antal menneske, men det må vere mange hundre, som overlever i ein spesialbygd silo under jorda. Dei er sjølvforsynte med mat frå innandørs jordbruk, og teknologisk er dei om lag på 2015-nivå, sjølv om ein god del 2015-ting ikkje er å finne i siloen.

Siloen blir styrt etter eit ganske strengt sett med reglar. Formålet er å hindre opprør, då dette kan leie til utsletting av heile befolkninga. Brot på reglane leier i verste fall til at brotsmannen blir sendt ut for å vaske linsene til kamera som filmar omgjevnadane, noko som i praksis er dødsstraff sidan ein sjølv med vernedrakt berre kan overleve nokre få minutt utandørs. Det er ein folkevald ordførar som på papiret har makta i siloen, men i røyndomen ligg makta hjå sjefen i IT-avdelinga. Når IT-sjefen misbruker makta si for å fremje eigne interesser, som han sjølv meiner også er i siloen sin beste interesse, kjem ting ut av kontroll.

Boka er veldig fint bygd opp. Lesaren blir gradvis introdusert for dette samfunnet, og nye personar får fokus etter kvart. Der er overraskande vendingar undervegs, og slutten er veldig spanande. Det klaustrofobiske ved å leve eit heilt liv i ei avgrensa underjordisk verd kom også fint fram, Likevel er eg ikkje berre nøgd. Enkelte skildringar av teknologisk eller vitskapleg karakter heng ikkje saman. Det er også vanskeleg å forstå at konflikten som etter kvart eskalerer, kan eskalere slik som den gjer. Derfor held eg litt igjen på terningkastet. Likevel ser eg ikkje bort frå at eg kan finne på å lese framhaldet til denne historia, det kjem to bøker til frå dette universet.

Dette var bok nr 1 i den dystopiske lesesirkelen som Ajiniakra dro i gang. Det er ekstra moro å lese bøker saman med andre, takk til alle som var med på diskusjonar undervegs.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Harald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita Ness