Skeptikaren Gunnar R. Tjomlid gjer i denne boka utførleg greie for kvifor alternativ behandling virkar. Eller rettare sagt, opplevast å virke for mange brukarar av alternative helsetenester. Det er ei kjend sak at for enkelte symptom, som t.d. smerte, så kan pasientar oppleve ei lindring sjølv om dei får «narre-medisin» så lenge dei sjølve er overtydde om at det er smertestillande medisin dei får. Denne effekten er kjend som placebo-effekten, og er så langt den einaste påviste effekten av alternativ behandling.

Tjomlid er dataprogrammerar, men har satt seg imponerande godt inn i studier av psykologi og medisin. Han gjeng grundig inn i dei psykologiske mekanismene som leier til at ein kan tru at alternativ behandling kan virke, så vel som korleis ein feilaktig kan oppfatte vaksinasjon som skadeleg. Framstillinga er spekka med eksempel, både frå eigne opplevingar og frå faglitteratur, så vel som gjengiving av omfattande oversynsstudier.

Boka er overraskande lettlest, også her har Tjomlid gjort ein god jobb. Skal ein pirke på noko, så må det vere at han tenderer til å repetere eit poeng litt for mange gangar. Han tullar også litt med tal eit par-tre gangar, ein gang veldig grovt (reint matematisk, altså), men utan at det har noko å bety for bodskapet han formidlar.

Ein kortversjon av denne boka burde vere pensum i skulen. Tjomlid skriv også blogg, Saksynt, eg har vært så vidt innom og kika, og der ser ut for å vere mykje godt stoff der også. Med det engasjementet han legg for dagen vil det ikkje overraske meg om det kjem fleire bøker frå den kanten. Det ser eg i såfall fram til.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Elin FjellheimRune U. FurbergTralteToveHarald KJorund KorbiKirsten LundMartineDemeterIngunn SNorahTove Obrestad WøienOddvarGLilleviMarteKristine LouiseRufsetufsaAnette Christin MjøsFindusPrunellasiljehusmorBerit RAkima MontgomeryConnieIreneleserLene MMarianneNCecilieJarmo LarsenAmanda AJBHilde MjelvaHeidi LEster SPiippokattaDolly DuckTrude JensenStine SevilhaugHanne Kvernmo RyeNina