Ei samling på 21 noveller frå eit bygdesamfunn på Sunnmøre. Novellene spenner over eit tidsrom på 175 år, og dei kjem kronologisk. Der er ein viss samanheng mellom drygt halvparten av novellene, i det at ein person, eller etterkomaren etter ein person, kjem att i ei senare novelle. Stilmessig er hovudvekta av novellene ganske einsarta, men dette brytast opp av spenstige innslag som skil seg markant ut, slik som ei reiseskildring, dagboknotatar, og ein gravtale.

Det er mykje tungsinn, vonløyse og melankoli i novellene, men der er også ein del humor. I dei fleste av novellene er det skildringar av menneske som av ein eller annan grunn fell utanfor dei trygge ramene til samfunnet; ein sauetjuv, gravide tenestejenter, enker og enkemenn, evige ungkarar. Enkelte av novellene har eit tydeleg poeng, andre gangar kava eg litt med å forså kva forfattaren ville formidle. Innimellom fekk eg kjensla av at prosjektet til forfattaren er å blottlegge småligheita og trangsynet som det er populært å meine er framtredande i små bygdesamfunn.

Språkleg var det ein rein fest å lese. Teksta er krydra med lokale ord og seiemåtar som gjekk beint heim hjå denne lesaren. Men ikkje meir enn at den likevel burde vere tilgjengeleg for lesarar som ikkje har bakgrunn frå ytre søre Sunnmøre. Orten har i år også gjeve ut ei ny novellesamling, Risp i berget, som etter det eg forstår er frå same miljø. Eg kjem garantert til å lese denne også.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

mgeSilje-Vera Wiik ValeMonica CarlsenCathrine PedersenTonesen81Tove Obrestad WøienKirsten LundPia Lise SelnesMorten MüllerNorahMarenRolf IngemundsengretemorPi_MesonEli HagelundJoannStig TPirelliNikkaHanne Kvernmo RyeLeseberta_23Turid Kalvatn SchøyenGodemineRandiHilde H HelsethWilliam BillisonsiljehusmorCamillaHarald KDemeterEmil ChristiansenReadninggirl30KristofferIngeborgSigrid NygaardNils PharosomniferumAnette SBerit RAnniken L