Ei meisterleg framstilling av livet i ei fjellbygd på Nordaustlandet på Island tidleg på 1900-talet. Hovudpersonen er Bjartur, ein stabukk av ein sauebonde og nyryddingsmann. Han er særs medviten på verdien av å vere økonomisk sjølvstendig, å livberge seg utan å ha skuld til nokon, og dette er det høgste av dei boda han lever etter. Som ein god nummet to kjem sauene, familien forøvrig kjem på ein tredjeplass. Eller kanskje fjerde, for litteratur og skaldskap har også ei høg stjerne hjå Bjartur.

Ein fyl historia til Bjartur kronologisk frå han etter 18 år som gardsdreng får kjøpt ein fjelleigedom, som attpåtil seiast å vere forheksa, gjennom harde år og gode år, og nokre tiår framover i tid. Det er eit fattig og rikt liv på same tid. Laxness skildrar dei tidvis harde vertilhøva så godt at ein nesten sit og hustrar medan ein les. På same tid er der mykje humor; ein viss galgenhumor hjå Bjartur sjølv, og humoristiske skildringar av det øvrige persongalleriet i bygda.

Laxness viser også fram samfunnstilhøva i landet på denne tida. Konflikten mellom det framveksande landbrukssamvirket og handelsstanden var interessant å få med seg. Graden av overtru mellom folk er også tankevekkande, og interessen for litteratur og skaldskap som fjellbøndene er ikkje mindre enn imponerande. Men mest imonerande av alt er likevel pågangsmotet og staheita til Bjartur.

Eg las denne saman med kjell k sin lesesirkel. Det vart mange fine og opplysande diskusjonar denne gangen også.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Har aldri lest Laxness før. Sånn du så flott refererer innholdet i boka, så tenker jeg umiddelbart på trilogien til Stefansson som jeg ga 6`ere rundt baut - som ikke alle her inne er helt sams i. Men samma det, Jostein, jeg fikk uimotstålig lyst til å lese denne boka. Takka være deg :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Turid KjendlieDemeterHanne Kvernmo RyeIngeborg GTor-Arne JensenCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_MesonPiippokattaKirsten LundTorill RevheimBjørg RistvedtHarald KLinda NyrudTone SundlandIngunn SJulie StensethSolveigMonica CarlsenJBStine SevilhaugTone HRufsetufsaEgil StangelandsvarteperMargrethe  HaugenTine SundalHildeToveHeidiTine VictoriaHelen SkogAndreas BokleserTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenBjørg L.Amanda A