Skal ein flire av folk som døyr? I utgangspunktet skal ein ikkje det. Likevel, når det blir fjernt nok i tid eller rom finnest det av og til dødsfall som er så bisarre, ironiske eller på annan måte merksnodige at det blir vanskeleg å la vere å lee litt på smilebandet.
Tittelen på boka seier det meste. Dette er eit knippe på 30 anekdoter om vitskapsmenn, ingeniørar, oppfinnarar og andre som på ein eller annan måte blir offer for sitt eige verk. Enkelte av historiene er beint fram tragiske, andre har eit god posjon av lagnaden sin ironi, og atter andre tener som strålande eksempel på menneska sin galskap.
Boka er lettlest, og med mange fotografi og illustrasjonar. Likevel kjenner eg på at forfattaren kunne ha gjort meir ut av historiene. Dei fleste av dei kunne med fordel ha vært fortalt grundigare. Boka er dessutan kjemisk fri for referanser, noko som åpnar for spekulasjonar om faktainnhaldet i anekdotene. Meir pirk; ein del av historiene er strengt tatt ikkje om oppfinningar. Til dømes, om ein har bygd ein rask bil og krasjer med den så har ein ikkje dermed funne opp bilen. Skal eg også nemne at boka kunne ha hatt godt av ein grundigare språkvask? Ja, eg nemner det.
Likevel er det underhaldande lesing, og ein kan ikkje unngå å la seg imponere over enkelte av desse menneska som har hatt så stor tru på oppfinninga si eller konstruksjonen sin at dei set livet på spel for å sjekke om den virkar. Eg legg også merke til at der ikkje er nokon damer som har hovudrolla i nokon av anekdotene. Dette stemmer veldig bra med oppfatninga mi om at damer i gjennomsnitt er flinkare enn menn til å vurderer risiko.