Og det gjorde eg. Har bestilt frå Haugenbok:

  • Norsk etymologisk ordbok (Yann de Caprona) kr 299,- ,denne figurerer no på lister over mest bestilte bøker frå Mammut-salget så det er best å slå til før det er for seint.

  • Don Quijote (Cervantes) kr 199,- ,flott praktutgåve stend det i omtalen av boka, og jålete som eg er så må eg berre ha ei slik ei i bokhylla.

  • Placebodefekten (Gunnar R. Tjomlid) kr 149,- ,har hatt lyst til å lese denne lenge

  • Mann for sin katt (Lars Saabye Christensen) kr 99,- ,kanskje kan denne diktsamlinga få meg til å forstå kva katten vår tenker?

  • Kunsten å prokrastinere (John Perry) kr 79,- ,eg kan ikkje vente med å lese denne (var det nokon som tok poenget?)

Så det blei eit lite tilbakesteg i kampanjen med å redusere antal uleste bøker i bokhylla. Likevel meiner eg å ha gode sjansar til å oppnå målsetjinga om å ha færre enn 10 innan månadsskiftet juni/juli.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 15 svar.

Jostein, er eg jålete...eller dum om eg bestiller praktutgåva av Don Quijote ...sjølv om eg alt har ei paperback av boka? I går var eg eit tastetrykk ifrå å gjere det, men ombestemte meg, tenkte at det får då vere grenser for tøv. (Husbonden seier eg må berre gjere det....)
Det er forresten den boka eg er aller mest stolt over å ha lese!
Men, altså er boka så flott at eg kan unne meg den?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, då er du jålete og dum. Men skal ein først vere jålete og dum så finnest det mykje værre ting ein kan gjere enn å kjøpe eit sterkt rabattert prakteksemplar av ei bok som mange held fram som verdens beste (sjølv har eg t.d. kjøpt ein mykje større og finare bil enn vi har bruk for, og den varer nok mykje kortare tid enn denne boka).

Så eg held med husbonden, køyr på. Skulle du vere i tvil, og du ikkje bor alt for langt unna ein bokhandel med mammutsal-utvalet, så kan du jo stikke innom og kjenne på boka. Eg vart i alle fall imponert då eg pakka den ut og fekk halde i den.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så let eg jåleriet få overtaket, og ikkje berre vart det Don Quijote, men ei praktutgåve til, nemlig den historiske Dronningsagaen og Kongespeil av Vera Henriksen.
Og for å få litt perspektiv på shoppinga, bestilte eg Shoppingfri av Irina Lee.
Eg trur eg er fornøgd, Mammut skal få vere i fred for meg heretter, trur eg....

PS Vår lokale bokhandel har ikkje denne i sitt utval, dei kunne bestille den til full pris. Trur kanskje utvalet varierer litt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg trudde også at eg var ferdig no. Men så ser eg at det er mange som har bestilt ei bok som eg ikkje har festa meg ved tidlegare, Atlas over fjerne øyer, og etter å ha bladd litt i den på forlaget sine sider så er det stor fare for at eg kjem til å bestille denne også.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hmmmm...då kan eg røpe at bokpakken som kanskje kjem i morgon inneheld fire!! bøker! Pinlig, nesten, men den der vart litt for fristande.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bransjen kan vel snart by på fast abonnement på nyeste
oppdaterte holdningsforedlende bøker som skal lindre
overdrevent kjøpepress?
BM 'trur eg...'

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Oj, ambisiøst å ha færre enn ti uleste bøker liggende... :-P DET skal ikke jeg gjøre... jeg har tenkt som så, at hva om jeg får en periode i livet med dårligere økonomi, slik at jeg må slutte å kjøpe bøker? Det er tross alt en farlig jobb jeg har...

Såååå, jeg har et par hyller med nødrasjon, for å si det sånn. Men innholdet skifter da.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Heh. Nøyaktig samme rationale jeg har levd etter i mange år. Her må det hamstres bøker mens en kan. Pengeproblemer, sykdom, pensjonering, orkan, tusenårsbølge, diktatorvelde eller bresmelting kan komme før en vet ordet av det. Og da trenger man et velassortert bibliotek!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

og ikke minst, håndbøker for å kunne klare seg mot slike
ulykker og landeplager som du i korthet lister opp... ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg ser forøvrig at bokklubben annonserer sal i dag, der dei reklamerer med at dei er billegare enn Mammut. Lettare nervøs sjekka eg same bøkene som eg har bestilt, men "heldigvis" var ingen av dei med på bokklubben sit sal. Trur eg. (kanskje den siste, men den var i såfall med lik pris som på Mammut)

Godt sagt! (1) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Det finnest mange teoriar omkring dette, og estimata basert på dei ulike teoriane varierer frå omlag 7 billionar dagar og til over 10^1002 dagar. Men sidan dei fleste av oss opplever at tida gjeng raskare dess eldre ein blir, så vil det kanskje ikkje kjennast så lenge ut?

Godt sagt! (2) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Det spørs om du kan ha sikta til månadsskiftet juni/juli og det uttalte målet om å ha færre enn 10 uleste bøker i bokhylla (telefonkatalogen tel ikkje!) innan den tid. I såfall er svaret pr i dag 134.

Så får eg krysse fingrer for at datoen ikkje fell saman med datoen for universet sin undergang.

Godt sagt! (2) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Sist sett

Egil StangelandmgePrunellaNabodamaMonimeiKirsten LundEllen E. MartolAlice NordliAnniken BjørnesHegeIngunn SMarianne  SkageToveNina M. Haugan FinnsonToneSolveig StrandLilleviLabbelineGrete AmundsenRonnyTove Obrestad WøienPiippokattaMarteFride LindsethAkima MontgomeryReidun VærnesLene AndresenAmanda APirelliRandiAFrode TangenTonjeEivind  VaksvikAvaIngunnJWenche BrohaugVibekeReadninggirl30John LarsenKarin Berg