"Slåttekar i himmelen", Edvard Hoem
Det er slett ikkje alle forfattarar som kjem seg unna med å bruka eit ord som "neger" i ei bok skriven i 2014. Edvard Hoem gjer det. For han er ein bauta, en ordkunstnar, ein som tek både tida han er i, den vi går inn i, og vår historie på fullt alvor. Han tek både tida og rommet med heile seg.
Dette er ei fole god bok om ein mann med ein ljå. Hans familie, hans naboar, valg, prioriteringar, draumar og arbeidsliv. Mykje arbeidsliv - for lite - på slutten av 1800-talet.
Hoem tek både tida og rommet i denne forteljinga effektivt med truverd. Han får fram det usagte, for ein treng slett ikkje bruka for mange ord, berre ein velgjer dei rette orda. Edvard har det rette laget med ord, nett slik oldefaren hans hadde med ljåen. Skarpt handtverk, godt skrive, med ei språkføring og ordvalg som passar tida foteljinga er frå svært godt. Her er både gaptratsar, treskoltar og andre mørkemenn - og kvinner med trolldom. Det var ei tøff tid, og det meste dei gjorde røynde på. Ein fekk lite gratis, sjølv kor mykje dei ba til Vårherre.
Han beskriv eit hardt liv, med mykje usikkerheit og armod, men og om draumar om honning og mjølk i et anna land - Amerika. Han fylgjer folk i Romsdal, i og ved Molde, om livet deira der. Om valg. Vanskelege valg om utvelgelse og kvalar. Han fylgjer nokon over til Minnesota. Fortel kor dei der må kjempe for å bevare seg sjølv, sine og sin kultur - og han gjer det med stil, i eit godt skildra persongalleri, med historisk truverd. Sjølv om ikkje alt er heilt sant, så kunne det ha vore det - det er i vert fall heilt sant, for Hoem er ikkje ein historeforfalskar - han er ein historieskapar.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Sist sett

Harald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsvein