Det finnest minst to norske omsetjingar av denne boka, og både «Late menn og muntre piker» og den engelske originaltittelen «Cannery Row» er nytta på desse omsetjingane.

Hovudpersonen i boka er Doc, ein marinbiolog som driv eit laboratorium i den litt slitne bydelen Cannery Row i Monterey, California. Doc har interesser som skil seg litt ut frå dei øvrige innbyggarane i bydelen, slik som klassisk musikk og poesi. Men han er også glad i øl og dram, og her er han heilt på linje med resten av nabolaget. Han er også ein grei fyr, og hjelper folk i nabolaget med mangt og mykje, og derfor finn naboane, anført av dagdrivaren Mack og gjengen hans, ut at dei skal gjere noko hyggeleg for Doc.

Hovudlinja i historia, som bygger opp mot det hyggelege som skal skje, blir brutt opp av mindre historier og anekdoter om bydelen og om enkelte av innbyggarane der. Det er på den eine sida ei lettbeint og humoristisk framstilling av livet i ein mindre velståande bydel, men på den andre sida kan ein også skimte eit sosialt engasjement frå forfattaren. Aldri moraliserande, korkje over fyll, hor, steling eller slåssing.

Det er nok blandinga av den fordomsfrie og humoristiske skildringa av hendingane i bydelen og dei poetiske skildringane av omgjevnadane som gjer at eg likte boka så godt. På mange måter er boka ganske lik «Dagdrivergjengen», og eg likte begge to omlag like godt, og av dei same grunnane.

Boka skal visstnok vere filmatisert, men eg har lest at filmmanus-forfattarane har tatt seg ganske store friheiter med historia, så eg er usikker på om eg har lyst til å sjå den.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Jeg har både lest boken og sett filmen. Og filmen har ganske visst ikke fått særlig bra kritikker - men den plaget ikke meg likevel. Se på bok og film som to separate størrelser, så er filmen absolutt helt grei, spør du meg! Doc spilles av Nick Nolte, og så har de laget en kvinnelig hovedrolle som fylles av Debra Winger. Dagdrivergjengen opptar en god del plass i filmen - som dukker opp på tv en gang i blant, jeg har derfor sett den et par ganger, faktisk - og jeg synes Mack and the boys fremstilles nærmest opp til sine litterære forelegg. Jeg tror faktisk det ville vært umulig å lage en film som lå nært opptil boken - det har blitt sagt at det er de mediokre bøkene som egner seg best som film, og jeg tror det er mye sant i den påstanden. ;)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jostein, tro du meg: Du har ikke lyst til å se den. Bruk tiden bedre enn som så. For eksempel en ekstra runde med bok-hunden din ?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtHarald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetil