Bjørn Beltø er ein ung arkeolog som har fått i oppgåve å vere kontrollør under ei internasjonal utgraving ved Værne kloster i Østfold. Det blir gjort eit funn av eit skrin, og den engelske leiaren for utgravinga stikk av med skrinet på ureglementert vis. Beltø blir indignert over dette, og greier å skaffe skrinet tilbake og å gøyme det unna medan han prøver å finne ut av kvifor det etter kvart er så mange som er så ivrige etter å få tak i skrinet, og kvifor norske myndigheiter ikkje vil gripe inn for å sikre at skrinet blir i Norge.

Beltø er ein sympatisk helt. Sympatisk i den forstand at han har skavankar av ulikt slag og som det derfor er lett for den jevne lesar, som statistisk sett ikkje er lytefri, å identifisere seg med. Som albino stikk han seg reint fysisk ut frå mengda, og han har også vært innlagt med psykiske plager. Langt frå nokon James Bond, altså. Men ein ting har han til felles med agent 007, dei køyrer begge 2CV (sjølv om det for Bond sin del kun var i eit nødsfall og i ein enkelt film).

Eg leste på førehand at det skulle vere mange likskapar mellom denne boka og den noko meir kjende Da Vinci-koden av Dan Brown. Det var lenge uklart for meg korleis nokon kunne tenke i desse baner, sjølv om det blei tydelegare mot slutten av boka. Likevel meiner eg bøkene er så ulike at alle påstandar om at Brown skulle ha plagiert Egeland er urimelege.

Når eg ikkje trillar høgare terningkast enn 4 så er det mest fordi ting blir forklart litt for omstendeleg i boka. Egeland har ein tendens til å la Beltø spørje opp att og opp att om dei same tinga, som for liksom å vere heilt sikker på at lesaren får med seg kva han vil få fram. Beltø framstend også til tider som litt for pubertalt obsternasig etter min smak, sjølv om han som nevnt er ein sympatisk type. Men boka er likevel bra den. Eg hadde bestemt meg for å lese igjennom alle Beltø-bøkene eg ikkje har lest hittil (hadde lest berre Nostradamus Testamente frå før) i løpet av dei nærmaste månadane, og har ikkje endra meining etter å ha lest denne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelsomniferumHarald KTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldPiippokattaRufsetufsaSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieTonjeNorahcathyHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJBEivind  VaksvikAndreas HesselbergStig TSissel ElisabethBeathe Solberg