Tittelen på boka kunne like gjerne vært Eugène de Rastignac, då det er han som egentlig er hovudpersonen i historia. Den unge og ærgjerrige Rastignac flyttar i 1819 frå provinsen til Paris for å studere, men hovudmålet hans er ikkje utdanninga men heller å skaffe seg innpass i sosietetslivet i byen.

Rastignac bur i eit pensjonat saman med eit knippe andre fargerike mennseke, i alle aldersgrupper og med ulik bakgrunn. Der er mange fornøyelige skildringar av både livet på pensjonatet, av Rastignac sine eskapader for å få ein fot innanfor hjå dei rike og glamorøse, og av dei overfladiske og til dels ondsinna rikfolka. To av desse som er rike, men fattige i ånda, er døtrene til Goriot. Far Goriot var tidlegare ein velståande forretningsmann, men lever no i enkle kår på pensjonatet saman med Rastignac, medan døtrene gjer sitt ytterste for å skvise dei siste restane av formua ut av han.

Det var overraskande lett å trekke parallellar frå denne historia og til dagens samfunn. Det latterlige i å jage etter statussymbol blir framifrå skildra av Balzac, og det er ikkje til å kome bort ifrå at statusjag på bekostning av andre også er brennaktuelt i vår tid. Også tematikken med korleis foreldre kan finne på å skjemme bort ungane sine er relevant, sjølv om ein sjelden ser slike ekstreme tilfeller som Goriot og døtrene.

Eg las denne boka saman med deltakarane i kjell k sin lesesirkel. Det er artig å dele tankar og observasjonar med andre undervegs, og det fører nok til at bøkene ein les på denne måten sit ekstra godt i minnet etterpå.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågsvarteperHarald KNicolai Alexander StyveBård StøreAlice NordliAnniken LKirsten LundEmil ChristiansenSteinar HansenToveTor-Arne JensenEileen BørresenMarianne  SkageBenedikteMartinEster SRufsetufsaBjørg L.Bjørg RistvedtTanteMamieVariosaCecilie69Dolly DuckNeraHilde Merete GjessingPiippokattaKetilVanja Solemdalingar hSiljeKristine LouiseSynnøve H HoelBeathe SolbergSolTatiana WesserlingHilde H HelsethArne SjønnesenGroMonica Carlsen