Femordsomtale: Storslått men også klissete forteljing

Litt lengre omtale:
José de Alencar var ein av Brasil sine mest kjende forfattarar, og Iracema er ei av dei mest kjende bøkene hans. Boka, som kom ut i 1865, er bygd på folkelege legender om den portugisiske offiseren og oppdagaren Martim Soares Moreno, som er reikna som grunnleggaren av delstaten Ceará.

I forteljinga, som startar i 1603 har Martim gått seg vill i skogen under jakt, og møter den unge og vakre indianerjenta Iracema, som etter først å ha prøvd å drepe han tek han med til landsbyen sin for å gi han mat og husrom. Høvdingdattera Iracema høyrer til Tabajara-stammen, som er allierte med franske oppdagarar og fiendar av Martim sine vennar og allierte i Pitiguara-stammen. Når dei to unge blir grenselaust (men ærbødig!) forelska i einannan ligg det derfor an til komplikasjonar.

Alencar romantiserer livet til dei innfødde, og alt dei seier eller gjer liknast med eit eller anna i naturen. Når nokon gret, så fuktast kinna slik som dogget legg seg på lauvet til eit eller anna tre. Når nokon bøyer hovudet så er det slik som ei eller anna plante i renget. Og når nokon sym, så er det sjølvsagt som ein eller annan fisk. På denne måten blir det mykje botanisk og zoologisk lærdom i boka, men som litterært grep blir det litt for mykje av det gode.

Når det er sagt, så må ein på plussida nemne at Alencar på ein flott måte får fram konfliktene og lengslane som menneske opplever ved å bryte opp frå sine eigne, både for Iracema som reiser frå stammen sin, og for Martim som også er langt heimanfrå. Der er også mykje symbolikk i handlinga, men det blir vanskeleg å forklare dette nærmare utan å røpe slutten. Alt i alt er det ei leseverdig bok.

Ei filmatisering frå 1979 er å finne her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Marit AamdalCecilie69Vigdis VoldEli HagelundPiippokattaRandiALene AndresenKirsten LundSynnøve H HoelReadninggirl30Anette Christin MjøsTor-Arne JensenSverreMarenJarmo LarsenRisRosOgKlagingRoger MartinsenBeathe SolbergTove Obrestad WøienalpakkaEmil ChristiansenNils PharoEivind  VaksvikEllen E. MartolHallgrim BarlaupEgil StangelandJørgen NIreneleserLailaToveKristine LouiseRufsetufsasveinLabbelineVegardBjørg Marit TinholtSigrid NygaardTheaSolJane Foss Haugen