Tidlegare tykte eg at anarkien som rådde her på denne nettstaden var sjarmerande. No er eg meir i tvil. Bok"omtalar" på fem ord - og lange, grundige og gode omtalar side ved side og hulter til bulter var eit teikn på den fridomen me brukarar av nettstaden hadde fått.

Men på eit eller anna tidspunkt skjedde det noko - det vart for mange av desse "Dette er ei drittbok. Terningkast 1" og "Eg elskar denne boka. Terningkast 6" Desse altfor korte "omtalane" gjer at eg ikkje lenger giddar å klikka meg inn på omtalane på framsida. Men det hender eg klikkar meg inn via bøker som eg har lagt til.

Sjølv har eg faktisk slutta å skriva omtalar her på bokelskere.no. Tidlegare skreiv eg gjerne eit kort utdrag og lenka til bokbloggen min - slik at spesielt interesserte kunne klikka seg inn der. Dette vart av enkelte her sett på som upassande og irriterande, og difor slutta eg med det.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Takk for respons. Det siste synes jeg du skulle overse. Fordi det er antagelig minst like mange som setter pris på det. Kanskje har ikke de ropt høyt nok. Det "irriterende" med det slik jeg ser det må i tilfellet være at diskusjonen også flyttes ut av bokelskere, fordi utgangspunktet for en eventuell diskusjon ligger utenfor siden. Jeg har funnet mye nyttig via bokblogger:) Til anarkiet: jeg er også litt for det, men tenker at det må være noe system slik at den ene formen for bruk av nettstedet ikke helt utkonkurrerer de andre.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det er vanskeleg å lage reglar for nettstaden som er forståeleg for alle. Me er så ulike: Enkelte brukarar lever omtrent "heile livet" sitt her inne, og andre er innom ein sjelden gong.

Det er muleg du har rett at eg bør oversjå dei negative reaksjonane når det gjeld lenking til eigen blogg. Kanskje eg skal legga inn omtalar og tilhøyrande lenking her likevel? Eg får tygga litt på den.

Godt sagt! (2) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Det var kanskje litt flåsete sagt, men det er eit snev at seriøsitet i formuleringa. Det eg meiner er at enkelte "går igjen", lagar sine eigne opplegg og brukar litt for stor plass her. Bokelskere.no vert på den måten ein lite inkluderande nettstad.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har du noen forslag til tiltak som kan gjøre Bokelskere mer inkluderende?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Godt spørsmål. Ved at det er så få reglar vert terskelen for å skriva omtalar og delta i diskusjonar er låg - og mange deltek. Det er positivt på mange måtar. Dersom det vert "strengare", kjem enkelte av desse til å melde seg ut av diskusjonstrådane - og det er jo dumt. Eg har ikkje konkrete tiltak å komma med - men ønskjer ein diskusjon rundt temaet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandsvarteperMargrethe  HaugenHarald KTine SundalHildeKirsten LundToveLinda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde Mjelva