Utan tvil den beste av Harry Hole-bøkene eg har lest hittil. Som alltid er det eit godt plott, fin oppbygging av historia, interessante rollefigurar, nokre drypp med humor og sarkasmer, og strålande miljøskildringar. Svakheita i enkelte av dei andre bøkene har vært avslutninga, og kanskje spesielt korleis kjeltringen avslører motivet for handlingane sine. I denne boka, derimot, fungerte også denne biten rimeleg greit.
Gjennomgangstemaet i denne boka er utruskap, og det blir gjort greie for at 15-20% av barna som blir fødde har ein annan far enn det papir-faren trur. Ei annan statistisk opplysning, som i større grad fangar Hole sin interesse, er at det det siste åra har vært ein overrepresentasjon av sakna gifte eller samboande kvinner i Norge samanlikna med nabolanda, noko som får han til å tru at det er ein seriemordar i aksjon. Etter som hendingane i boka eskalerer blir der klart at Hole har eit poeng.
Hole får selskap av ei ny dame i denne boka. Katrine Bratt, ei ung politidame frå Bergen, som på mange måtar er eit speilbilete av helten sjølv. Ho er oppslukt av jobben, lynande intelligent, og har sine eigne demonar å slåss med. Bratt var kanskje den mest spennende figuren i denne forteljinga.
Med denne boka så har eg lest halvparten av Harry Hole-bøkene som har kome ut hittil (har lest nr. 2, 9, 5, 6 og 7, i den rekkefølga). Dei fleste av dei resterande stend leseklare i bokhylla, eg gleder meg til å take fatt på dei. Etter kvart, når den tida kjem.