Stasiland - sakprosa fordekt som skjønlitteratur
I Stasiland har Anna Funder intervjua ei rekke menneske som på forskjellige måtar vart sterkt påverka av å bu i DDR. Frå mora som må smugle son sin til vest-Berling for å få rett behandling via ho som framleis leitar etter mannen som "hengte seg" i varetekt, til dei som jobba for Stasi.
Funder skriv på ein personleg måte som gir boka eit preg av skjønlitteratur i staden for sakprosa, og det lukkast ho godt med. Vi får medkjensle med historiene som vert fortalde og det gjer informasjonen som vi faktisk får ta del i meir levande.
Historiene til dei vi får møte gjennom forfattaren er godt formidla og godt fortalte. Vi føler med og lurer på korleis dei kunne overleve. Desse spørsmåla tek og forfattaren for seg, noko som er eit godt grep på to måtar. Vi får svar på korleis menneske kunne overleve, samstundes som vi får endå meir innsyn i systemet.
Funder har og fordelen med å vere ein utlending med god kjennskap til Tyskland. Dette gjer at ho kan formidle til ein utanforståande på ein oppklarande måte utan å verte overforklarande. Samstundes klarer ho å gi innblikk i noko som er totalt ukjend.
Innsyn med personleg vri
Funder gir oss som lesarar godt innsyn i DDR systemet, og kva dei som budde der måtte gjere for å overleve. Dette sjokerar til dels, men vert fortalt med ei indre ro - og utan for mykje dikkedarer. Dei gongane det flyt ut, er når forfattaren let oss ta for mykje del i kva ho meiner og føler. Vi treng til dømes ikkje ta del i hennar fylleangst - den er totalt irrelevant.
Kvifor ho har teke med desse delane er til dels forståeleg, men dei er til dels distraherande og til dels direkte dårlege - dei opplevast som komplett urelevante for det som vert formidla. Vi er ikkje interesserte i ho som forfattar, det er det gamle DDR som er interessant. Ein del av det som angår ho er sjølvsagt forteljande for kva DDR var og har blitt, men det glir ut og over i det personlege. Dette er ikkje interessant i denne samanhengen og bryt med resten av boka. Ei litt strammare gjennomlesing av ein oppservang redaktør kunne retta opp i dette. Personleg vri er bra, men her det flyt ut.
Hakkete oversetting
Teksten er som sagt godt skrive - men det er somme stader det heile hakkar. Dette tilegg eg oversettaren, det verkar som det til tider kan ha gått litt raskt i svingane. Her er det igjen tanken om er litt strammare redaksjonell gjennomlesing kjem i tankane.
Men alt i alt er dette ei særs interessant og lesverdig bok. Den lærer lesaren på ein artig måte om det gamle DDR og stasi si sentrale rolle, samstundes som vi får innblikk i alvoret og frustrasjonen det er å leve i eit diktatur.