Når NASA nesten førti år etter førre månelanding treng ein grunn til å returnera til månen, loddar dei ut tre plassar til tre ungdommar. Ungdomane som vinn turen skal melda attende til jorda, og skapa blest – og pengar – til NASA. dei heldige har lite til felles, utanom at dei ikkje er særleg interesserte i romfart, men heller ser månen som ein moglegheit til å komma seg vekk frå sine vanlege liv. Midori frå Japan, Antoine frå Frankrike og Mia frå Stavanger, Noreg er dei heldige. Eller, heldige? DARLAH 2, den forlatte måndebasen ingen før har høyrt om, inneheld nemleg hemmelegheitar ingen, utanom ein senil vaktmeistar frå Area 51, kan tenkja seg.

Forfattar Johan Harstad skriv i etterordet at han var inspirert av seriar som Lost og Twin Peaks, og filmar som Alien og the Exorcist. Det merkast. Det som kunne ha vore ein historie om statshemmelegheiter og restar av romkappløpet viser seg å vera noko ingen kunne sjå føre seg – mykje som nemnte filmar og seriar. Illustrasjonane i boka, kart over romstasjonar og bilete frå øvingsrom og flyplassar, gir boka eit dokumentarisk preg, sjølv om historia er fortalt gjennom dei tre ungdommane og dermed plasserer den klårt i fiksjonen.

Historia er spanande og medrivande, og sjølv om språket og karakterane til tider verkar noko enkle og overfladiske er dette ein spaningsroman, grøssar og science fiction-roman som kan halda ein vaken om natta. Om månen verka mystisk og tiltrekkande før – ja, då er den enno meir mystisk etter 172 timar på DARLAH.

Fyrst publisert på bokbloggen til skulebiblioteka i Hordaland, og her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Carine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleKirsten LundBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne Jensen