Det ser ut til å verta ei heilt vanleg jul. Jubilee skal feira julafta med kjærasten, og fyrstedags morgon skal ho opna gåver med foreldri. Men då foreldri vert arrestert for uro i butikkø, vert julefeiringi ei heilt anna enn venta – særleg når toget på veg til Florida strandar i ei snøfonn i byen Gracetown, og Jubilee går av i forsøket på å sleppa unna 14 heiagjengleiarar.

Og det er berre byrjingi på fyrste forteljing.

Let It Snow (2008) er ei samling av tre ulike kjærleikshistoriar skrive av tre ulike forfattarar om den same juli, den same byen og til dels dei same folki. Eg var ikkje innstilt på at ho skulle vera om sekstanåringar, men sett reint vekk frå den feilslutningi er underhaldningsverdien stor – kanskje særleg for sekstanåringar med romantiske draumar og ein forkjærleik for jul. Og oss andre som ikkje heilt har komme over det stadiet på nesten like mange år.

Historiane deler den same humoren, men eg må innrømma at eg synes kvaliteten dalar litt frå Maureen Johnson sin morosame og søte The Jubilee Express via John Green sin A Cheertastic Christmas Miracle (som reddar seg på nokre sympatiske bipersonar) til Lauren Myracle sin, enkelt moraliserande, The Patron Saint of Pigs. Men som underhaldning i juli? Ja, Let It Snow funkar til sitt bruk.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KAnitaKirsten LundNicolai Alexander StyveLesevimsaNinaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergDemeterBerit RAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit AamdallittymseIngebjørgDaffy EnglundFiolIngeborg GElisabeth SveeLilleviHeidiEirin EftevandKjell PAnette SFlettietteMonica CarlsenMads Leonard HolvikPiippokatta