Andre halvdel av familiesagaen om Hamilton- og Trask-ættene i Salinas-dalen i California. Handlinga i dette bindet tek til omkring 1910, og sluttar i 1918. Tvillingbrødrene Aron og Cal Trask har hovudrollene i boka, eller kanskje ikkje brødrene i seg sjølv, men snarare forholdet mellom dei. Forholdet mellom Aron og Cal er basert på den bibelske forteljinga om Kain og Abel. Cal kjenner seg forsmådd av faren, og kjemper med seg sjølv for å dempe dei onde sidene i seg, medan Aron er så snill og godhjarta at det halve kunne vere nok, og er faren sin augestein.

Steinbeck skildrar på ein strålande måte korleis mennesket handlar irrasjonelt, og utforskar nokre av drivkreftene bak handlingane. Cathy, mora til tvillingane, tek for så vidt rasjonelle valg, men hennar drivkraft er grådigheit og egoisme, og i nokon grad også ein ondskap som i seg sjølv virkar irrasjonell. Den mest imponerende personen i forteljinga er Lee, den kinesiske kokken som, irrasjonelt nok, forkastar sine eigne ambisjonar for heller å halde fram å tene for Trask-familien. Etter som tida gjeng og minna om denne forteljinga falmar, så trur eg nok Lee kjem til å vere den siste som slepper taket.

Hovudbodskapen i boka verkar å vere at mennesket er ansvarleg for sine eigne val, det er ikkje arv eller lagnad som avgjer korleis vi skal handle. Dette kjem tydelegast fram ved Lee sine formaningar til Cal om at han ikkje treng om å gjere onde ting sjølv om mora hans er ond. Utgreiingane om tolkingar av ordet «timshel» i originalmanuskriptet til forteljinga om Kain og Adam peiker også i retning av ein slik bodskap.

Eg las denne boka under Lillevi sin felleslesing av Steinbeck haust/vinter 2013/2014. Det er få bøker eg har spekulert så mykje over undervegs i lesinga som denne. Då var det som vanleg givande å få innsyn i kva andre tenker om boka.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

mgeTine SundalTor-Arne JensenGrete AmundsensomniferumTherese HolmEgil StangelandLars MæhlumHeidi HoltanKirsten LundLailaBerit B LieIngunn SReadninggirl30LilleviAnne LiseAndreas BokleserNorahStig TPrunellaMarkus IngebretsenRufsetufsaPiippokattaKarina HillestadSynnøve H HoelRoger MartinsenIrene KnudsenPer LundHarald AndersenAnne Helene MoeToveAnneWangCathrine PedersenMarenKikkan HaugenAnneIrenelesergretemorCarine OlsrødHarald K