Dette er krimbok nr. 2 om Trondheims-politimannen Odd Singsaker. Den første boka likte eg særs godt, men for denne boka slit eg med kjensla av at det hasta litt for mykje med å kome med ein oppfølger. Ein del av handlinga, og kanskje spesielt dialogen, i den delen av boka som gjeng føre seg i notida framstend som platt og banal. Det var spesielt i første tredjedelen av boka at eg syntest dette var skjemmende.

Sånn, då er eg ferdig med det negative. For resten var egentlig bra. Plottet var brukbart, og det var passe framdrift i historia, eller historiene, for som eg delvis er inne på i avsnittet over så er der to historier i boka, ei i notida og ei frå 1767. Brekke har overgått dei fleste i å skape ein antihelt når han diktar opp 1700-talspolitimeisteren Nils Bayer. Makan til uapetitteleg fyr skal ein leite lenge etter. Men forteljinga om han er fengende.

Det at boka også inneheld ein del faktadrypp er også noko eg set pris på. Denne gangen er det svensk visetradisjon og skillingstrykk som er gjennomgangstemaet i begge historiene. Brekke er tydelegvis også glad i Trondheim, noko underteikna også er, så det er mange gode grunnar til at eg satte pris på denne boka. Eg kjem også garantert til å lese bok nr. 3.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Beate KristinAgnete M. HafskjoldTor-Arne JensenHarald AndersenTine Sundalanniken sandvikBirkaHildeAnniken RøilHanne Kvernmo RyesomniferumSt. YngheadHarald KBente L.Egil StangelandKristine LouisesiljehusmorStig TTerje MathisenmgeRandiSraDevoralibrosTove Obrestad WøienDinaKirsten LundCarine OlsrødReadninggirl30TanteMamieLilleviIvar SandGrete AastorpgretemorAlex NietoIngunn SBård StøreTonesen81PiippokattaDemeterVannflaskeBjørg Ristvedt