Det er underleg korleis ei god forteljarstemme kan få ein til å finne sympati, ja endåtil kjenne godheit, for menneske ein helst ikkje ville ha hatt noko med å gjere i det verkelege livet. For det er virkelig ein ufyselig gjeng som blir skildra i denne boka. Fyll og hor, steling og slåsting er hovudingrediensane i livsførselen til desse karane som held til i bydelen Tortilla Flat i Monterey, California rundt 1920.

Det startar med at dagdrivaren og uteliggaren Danny arvar to hus, som snart blir til berre eitt, og godhjarta som han er så lar han først ein, så fleire, av vener og bekjente slå seg til i huset. I passeleg lange kapittel får lesaren kjennskap til korleis nye vener av Danny finn tilhald i huset, korleis dei set i verk diverse tiltak for å skaffe vin, damehistorier av ulikt slag, og gode og mindre gode gjerningar venene imellom, eller mot andre av innbyggarane i Tortilla Flat.

Steinbeck hinter i innleiinga til boka om at den er inspirert av legendene om kong Arthur og riddarane av det runde bordet. No er eg ikkje særleg kjend med desse legendene, men eg vil tru at eg, tilliks med dei fleste i den vestlege verda, medvite og umedvite har tatt til meg fragment av desse via folklore og populærkultur. Derfor er det ikkje utenkeleg at historiene om Danny og gjengen finn slik gjenklang hjå lesaren fordi dei alt ligg lagra i undermedvitet, om enn med ein annan type persongalleri.

Eg las denne boka under Lillevi sin felleslesing av Steinbeck haust/vinter 2013-14. Det var moro med diskusjonane omkring boka undervegs, dette la ein ekstra dimensjon til leseopplevinga.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Takk for flott anmeldelse, som jeg helhjertet slutter meg til!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundVioleta JakobsenPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendliesomniferumRune U. Furberg