Hovudpersonen i 1964 er tolv år gamal og bur i ei bygd på Vestlandet med systra, som er 15, konfirmant og svært klar til å flytta heimanfrå, broren som er like gamal som den yngste Bobsey-tvillingen og svært intelligent, faren som er omreisande i biblar, og mora som må avgarde på husmorferie. Året er 1964, og det er fyllt av ein vinter som ikkje ser ut til å ta ende, ein sommar som gjekk alt for fort og ein haust som kjem med store endringar.

Til liks med fleire andre Hovland-romanar er 1964 både humoristisk og lågmælt, sjølv om den tek opp mange store og vanskelege tema. Her møter ein bygdeoriginalar med alkoholproblem, born frå dårlege heimar, eit mistenkjeleg dødsfall, mental sjukdom, tankar om døden og ungdommeleg forelsking. Alt er fortalt frå tolvåringen sin ståstad, med både nærleik og kjærleik til dei omtalte menneska, og distanse til dei alvorlege hendingane. Hovland skriv i forordet at han valte året 1964 fordi det var eit år han ikkje hugsar, eit år han måtte rekonstruera frå botnen. Og det kan nok merkast i romanen òg, det er språket til ein vaksen som lyser gjennom forteljinga om tolvåringen, utan at det bryt verken med karakteren eller historia på nokon måte.

Folk har nok sine Hovland-favorittar, og eg har inntrykket av at Sveve over vatna (1982) er eit must for dei fleste. Eg har fått ein ny favoritt, 1964 har den flotte blandinga av melankoli, dramatikk og optimisme ein leitar etter i sommar-bok - eller haust-, vinter- eller vår-bok, for den del. Alt pakka inn i Hovland sin turre humor og reine, enkle prosastil.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Enig - dette er min favoritt også!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ingvild SRufsetufsaJanne Kristin HøylandReidun Anette AugustinLinnMarianne  SkageVannflaskeStig TPilarisKjerstiAkima MontgomerygretemorKarin BergCathrine PedersenNeraLiljaKirsten LundHarald KTanteMamieBjørg Marit TinholtIngeborg GJulie StensethMonica CarlsenBeathe SolbergPiippokattaMorten BolstadNikkaChristofferKjell F TislevollAnniken RøilHilde H Helsethandreas h. o.Ellen E. MartolHelen SkogBertyBerit RJarmo LarsenTuridmajaTheaEgil StangelandEster S