Niccolò Machiavelli levde i Firenze under renessansen, og hadde ei periode ei karriere som statsmann i denne bystaten. Han hadde også omfattande historiekunnskapar. I boka «Fyrsten» gjer han ein analyse av ulike måtar å kome til makta over ein by eller eit landområde på, og av kva for styresett som historisk sett har vist seg å vere hensiktsmessig for å bygge eit stabilt og framgangsrik rike (eller ein stat). Han nyttar i rikt monn både historiske eksempel frå antikken og eksempel frå si eiga nære fortid for å underbygge poenga sine.

Boka er stila som ein serie praktiske råd til ein komande herskar, eller «fyrste», og enkelte av råda kan virke trivielle og opplagde, som t.d. å ta hand om problem i det dei oppstår og utan å nøle, og dermed unngå at problema får vekse seg store. Andre råd er kanskje ikkje fullt så opplagde, men tydeleg velfunderte som t.d. vurderingane av kva som er best av leigesoldatar, hjelpetropper og eigne soldatar. Men dei råda som har fått størst merksemd, og ikkje nødvendigvis positiv merksemd, er nok dei som gjeng på tvers av alminneleg moralsk oppfatning. Machiavelli sin tekst tek nemlig ikkje omsyn til anna en kva som er hensiktsmessig for å oppretthalde makta, styresettet eller staten, og gjeng ikkje av vegen for å gi råd om under kva slags situasjonar ein bør bryte løfter ein har gitt, øydelegge ein by eller ta livet av motstandarane sine.

Teksta er overraskande enkel og lettlest, og til tider også underhaldande. Den største underhaldningsverdien finn ein nok i dei passasjane der Machiavelli raljerer, anten det er over mennesket sine veikskapar, dugløysa til leigesoldatar eller andre tema. Utgåva eg har, i Jon Bingen si omsetjing, er også rikelig utstyrt med Bingen sine notar, som greier ut om aktuelle hendingar eller personar som Machiavelli nemner i teksta, og ellers set teksta inn i det historiske perspektivet. Desse notane løfta leseopplevinga vesentlig. Boka avsluttast med eit lengre essay av Isaiah Berlin om Machiavelli sin originalitet. Dette opplever eg å vere skrive av ein spesialist for særskilt interesserte, og det var berre unntaksvis at eg kjende meg på høgde med drøftingane som blei gjort.

Utgåva mi av «Fyrsten» har undertittelen «Illustrert praktutgave» og er nettopp det. Boka er rikt illustrert med renessansekunst som på den eine eller andre måten har relevans for Machiavelli sin tekst, og eg satte stor pris på denne visuelle berikinga av leseopplevinga.

Avslutningsvis, så må eg nemne at eg las «Botticellis Hemmelighet» av Marina Fiorato for kort tid sidan. Firoato sin roman har i stor grad trekt inn verkelege historiske personar i handlinga, og det var moro å kunne finne att mellom andre Lorenzo dei Medici (il Magnifico) av Firenze, Ludvig Sforza (il Moro) av Milano og kong Ferdinand av Aragon og Napoli i «Fyrsten». Til og med Lorenzo dei Medici sin sjiraff som kort er omtalt av Fiorato dukkar opp i eit av maleria som er valt ut til å illustrere «Fyrsten». Då måtte eg glise litt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Amanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnie