Nok ein gong har Jo Nesbø levert varene; ein fantastisk spennande kriminalroman der dei ulike historiane vert vikla saman - og nøsta opp - på ein smidig og snedig måte.

Eg har prøvd å lesa så sakte som muleg, fordi eg så gjerne ville nyta leseopplevinga, - men Nesbø skriv på ein slik måte at bøkene hans må slukast. Sidevendarfaktoren er nemleg ekstemt høg. Politi har vore med meg overalt. Eg har hatt ho med på jobb slik at eg kunne lesa i lunsjpausen og på bussen til og frå jobb. Ho har vore med meg til sengs, på terrassen, på do, ved kjøkkendisken og i hagen. Når ei bok er så fengslande og fengande at du tek ho med deg overalt og nesten ikkje kan halda ut betyr det full score; terningkast seks.

Handlingane i Politi startar omlag der Gjenferd sluttar, og tek opp att trådane frå den boka. Så om du ikkje har lese absolutt alle Harry Hole-bøkene tidlegare, bør du i alle fall ha lese den føregåande, - rett og slett for å forstå meir av innhaldet.

Innan sjangeren politikrim/spenning er det få, kanskje ingen, som kan måla seg med Jo Nesbø. Dersom du berre skal lesa ei krimbok i sommar; les Politi. Den er perfekt.

Les heile omtalen (som ikkje er heilt spoilerfri) på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kristine LouiseKjell F TislevollFredrikTine SundalTurid KjendlieAnne-Stine Ruud HusevågHarald KAmanda AKirsten LundPär J ThorssonIngunn SFrank Rosendahl SlettebakkenCathrine PedersenEivind  VaksvikLilleviBerit RTanteMamieElin SkjerengTrine Lise NormannIngebjørgrubbelBertyHilde Merete GjessingPiippokattaJulie StensethTralteMads Leonard HolvikMcHempettFrode TangenBjørg Marit TinholtDemeterKristineAnette SAnette Christin MjøsVigdis VoldNorahVannflaskeIngvild SJohn LarsenAne