Boka er forteljinga om ei betydningsfull storfamilie i den fiktive iranske byen Sandjān. Familien bor vegg i vegg med ein viktig moske, og har også styringa av denne. Gjennom små og store hendingar i familien får lesaren eit lite gløtt av iransk samfunnsliv, og korleis dette endra seg frå sjahen sitt styre via dramatiske hendingar under den iranske revolusjonen og i tida etter. Undervegs i boka blir perspektivet i forteljinga utvida frå huslege scener til internasjonal politikk, og forfattaren skildrar mellom anna ayatollah Khomeini og kretsen rundt han (eg lurer stendig på kor mykje som er fiksjon i denne delen av forteljinga) i tida rundt revolusjonen. Frå min ståstad verkar det ganske tydeleg at det er ein dårleg ide å la ein fanatisk geistlig take over styringa i eit land.
Familieoverhovudet Āqa Djān er ein rettvis og mild mann som har høg status i byen. Men ettersom tidene endrar seg mister han gradvis statusen, og ettersom den religiøse fanatismen breier om seg i landet (og der det einaste som dyrkast like intenst som religionen er Amerika-hatet) mister han også innflytelsen over moskeen. Ulike familiemedlemmer vel, eller trekkast inn i, ulike sider eller roller under revolusjonen, og dette gjer at familien rivast i stykker. Klimaet betrar seg heldigvis litt mot slutten av boka.
Eg lurer på om sjølve huset og moskeen kan lesast som eit bilete på det iranske samfunnet, der huset (det sekulære) og moskeen (religionen) var ei eining før revolusjonen, men der religionen tok så stor plass etter revolusjonen at den nærmast utsletta alle andre aspekt av samfunnslivet.
Alt i alt likte eg boka godt, nesten godt nok til å trille ein 5’er men berre nesten.