Greit krim-handverk av Nesbø. Stereotypen Harry Hole, som kanskje er blitt så populær nettop fordi han innfrir alle forventningar om korleis ein krimbok-helt skal vere, kjem til Oslo for å undersøke eit drap i narkotikamiljøet der Oleg, sonen til Harry sin eks-kjæraste, er peika ut som den skuldige.

Det er gjort fleire forteljarmessige grep som gjer boka interessant å lese. Hendingar blir skildra både frå Hole og frå fleire av dei andre karakterane i boka sin ståstad. Det døyande drapsofferet fortel også sin historie undervegs i boka. Desse einskilde historiene flettast godt sama til ei spanande forteljing.

Oppbygginga av historia var det som fungerte best i denne boka. Når handlinga etter kvart aksellererer, er det litt for mange ting som skurrer. Sjøv om der er fleire overraskande vendingar i plottet, og det er uvisst heilt til det siste kven som var mordaren i det opphavelege drapet, er der også litt for mange lettvinte løysingar. Den kanskje svakaste passasjen i boka kjem mot slutten, ein samtale på verandaen til den nye politisjefen i byen.

Alt i alt ei leseverdig bok. Det blir nok ikkje den siste Harry Hole-boka eg kjem til å lese, men har samstundes ikkje hastverk med å ta fatt på den neste.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Carine OlsrødTore HalsaHarald AndersenPiippokattaSt. YngheadStine SevilhaugVannflaskeBerit RElin Katrine NilssenCathrine PedersenHelenesiljehusmorHildNina J.B.KristineTorill RevheimBruno BilliaertRandiAHildaGladleserKjerstiMargrethe  HaugenStein KippersundTonje SivertsenReidun SvensliLeseaaseHilde Merete GjessingNicolai Alexander StyveIngebjørgBertyKirsten LundJulie StensethRisRosOgKlagingmarvikkisLilleviSvein Erik Francke-EnersenBjørg L.Ellen E. MartolKaren PatriciaTanteMamie