Forfattaren har laga ein nydeleg dedikasjon som introduksjon til denne forteljinga;

Ingen kunne trollbinde sitt publikum mer enn morfar der han satt på
ljugebenken, lett bøyd fram over stokken og med munnen full av snus
- Nei, men … er det sant, morfar? sa vi barnebarn forundret.
- Dem som bare sier det som er sant, ern’te verdt å høre på, svarte morfar.
Denne boken er til ham.

Dermed er premissa for forteljinga lagt. Boka veklser mellom å fortelje historia om hundreåringen Allan som rømer frå gamleheimen, stel ein koffert som viser seg å vere full av pengar og legg ut på flukt frå gangsterar og politi saman med eit aukande knippe medsamansvorne, og å fortleje livshistoria til Allan som på Forrest Gump-aktig vis slumpar til å ta del i mange av dei viktigaste globale hendingane på 1900-talet. Gjennom begge forteljingane klarer Allan med sitt optimistiske sinnelag og omgjengelege veremåte, samt ein skvett brennevin no og då, å snu ubehagelige situasjonar til å bli rett trivelige.

Det kan virke som om forfattaren har god kunnskap om dei aktuelle historiske hendingane Allan tok del i, og fiksjonen og fakta glir godt saman. Sjølv måtte eg ty til Wikipedia ved nokre høve for å finne ut av kva som var oppspinn og kva som var basert på verkelege personar eller hendingar.

Eg har ein mistanke om at god kjennskap til svensk populærkultur kan gi ein ekstra dimensjon til leseopplevinga. Albert Einstein sin fiktive halvbror, Herbert, har ein rolle i boka. Eg kan ikkje forstå anna enn at navnevalet til halvbroren må vere ein referanse til den svenske komiserien «Albert og Herbert» som gjekk på TV for rundt 30 år sidan. Skal tru om der ikkje er fleire referanser av denne typen som eg gjekk glipp av undervegs? Men uansett, boka er triveleg og underhaldande lesing for alt det er verdt.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågAkima MontgomeryBjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie Uvaag