Bra krim for ei som ikkje er verdas ivrigaste krimlesar.

Sjølve mordmysteriet er bra, med ein passe mørk bakgrunn som går heilt tilbake til hungersnauda i Ukraina på 30-talet. Kven mordaren er var ikkje den største overraskinga, sjølv om det også rundt mordaren var det ein del overraskingar. Det er skildringa av sovjetsamfunnet som verkeleg gjer boka verd å lese. Den gjev eit fascinerande innsyn i eit samfunn totalt gjennomsyra av kontroll, svik og mangel på tillit. Dette er virkelig paranoia sett i system. Staten har ingen tillit til sine borgarar, og enkeltpersonane har med god grunn veldig liten tillit til kvarandre. Det blir veldig intens når etterforskinga skjer i ei slik atmosfære, og at det er ei etterforsking som eigentleg aldri får lov til å finne stad.

Meir på bloggen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundTine VictoriaAnn EkerhovdEivind  VaksvikNinaRisRosOgKlagingLailaNorahTove Obrestad Wøieningar hReadninggirl30Jørgen NBokToreTor-Arne JensenPirelliLise MuntheMarenLeseaaseTheaRavnG LMarit HåverstadKjell F TislevollIngeborgMorten BolstadChristinaGrete AastorpThomas KihlmanAliceInsaneVibekemgeBerit RTom-Erik FallaHilde VrangsagenTine SundalBritt ElinVidar RingstrømAlice NordliElisabeth SveeMads Leonard Holvik