Det er herlig når ein har høge forventningar til ei bok, og ein ender opp med å like den enno betre enn ein hadde våga å håpe på. Slik var det for meg med denne boka.

Krim-historia dreier seg om to makabre drap, eit i Trondheim og eit i Richmond, Virginia. Parallelt med dette blir det fortalt ei historie frå 1500-talet som er knytta til bakgrunnen for mordmysteriet. Slike skifte mellom ulike tidsepoker og geografi er heilt etter min smak. Når historiene som er fortalt åpenbart er basert på god detaljkunnskap om litteratur og historie må det berre bli bra. Det at eg sjølv har budd både i Trondheim og Virginia satte ein ekstra spiss på leseopplevinga.

Forfattaren gjer i eit etterord greie for kvar som er fakta og kva som er fiksjon i forteljinga. Dette er eg takksam for, der sparte han meg for eit par timar med wikipedia-leiting.

Det har kome to bøker til i denne serien med Trondheims-krim. Skal lesast. Definitivt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundMads Leonard HolvikRagnar TømmerstøBente L.HanneBeathe SolbergHarald KBenediktePerSpelemannEileen BørresenLailaMalinn HjortlandFindusAnniken RøilTove Obrestad WøienTine SundalTor-Arne JensenTorill RevheimDaffy EnglundEvaingar hDolly DuckTheaVannflaskeritaolineTore HalsaDemeterEgil StangelandIngvild SLars MæhlumHeidi BBPiippokattaBentesomniferumStig TCamillaPrunellaMarit MogstadsiljehusmorReidun Svensli