To år etter at eventyra i Vindens skygge har utspelt seg, er livet blitt roleg for Daniel Sempere og hans vesle familie. Dei bur over bokhandelen han driv saman med faren, og venen Fermín er selja, løpegut og førebur bryllaup med sin kjære Bernarda. Men ein dag kjem ein ukjent inn i butikken, kjøper ei sjeldan utgåve av Greven av Monte Cristo som han dedikerer til Fermín på fyrste side, og forsvinn att. Det er eit gjenferd frå Fermín si ukjente fortid som har dukka opp att, og som truar bobla dei to mennene og familiane deira har levd i desse åra midt på 1950-talet.

Himmelens fange tek på seg å skulle forklara nokre av mysteria som aldri vart oppklart i Vindens skygge og sidan i Zafón sin andre Barcelona-roman, Engelens spill. Det er eit innblikk i fortida til Fermín, og i framtida til forfattaren frå sistenemnte roman, David Martín. Møtepunktet mellom dei to er det skrekkinngytande fengselet på Montjuic, i den fyrste urolege tida etter den spanske borgarkrigen.

Eg likte Himmelens fange betre enn Engelens spill, som eg aldri fekk skikkeleg tak i temaet eller hovudproblemet i. Men nokon Vindens skygge er det ikkje, og det kjennest som Ruiz Zafón har prøvd seg på ei blanding av lett og vanskeleg, og endt med noko som er verken-eller. Dessutan vert ikkje romanen skikkeleg avslutta, noko han godt kunne ha teke seg plass og tid til, då boki berre er på vel 270 sider, omlag halvparten av lengdi til forgjengarane. Det skremmande er ikkje so skremmande, det vakre ikkje so vakkert og Barcelona ikkje so mystisk som det me veit at Ruiz Zafón kan få til - eller iallefall som han fekk til ein gong i tidi, i Vindens skygge.

Carlos Ruiz Zafón (f. 1964) er frå Barcelona i Spania. Han debuterte som ungdomsbokforfattar i 1993, og hans fyrste bok for vaksne var La sombre de viento (Vindens skygge) i 2001. I 2008 kom oppfylgjaren Engelens spill, og Himmelens fange kom på spansk i 2011, på norsk i 2012. Han planlegg ei fjerde, avsluttande, bok i serien - men det sa han om tredje bok òg...

(fyrst publisert her)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågMarenHilde H HelsethBård StøreDemeterPiippokattaIreneleserLilleviHarald KAnitaKirsten LundNicolai Alexander StyveLesevimsaNinaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergBerit RAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit AamdallittymseIngebjørgDaffy EnglundFiolIngeborg GElisabeth SveeHeidiEirin Eftevand