Sjølv om eg finner innlegget ditt unødvendig kverulerande og kanskje litt ut av kontekst, kan eg til dels vere einig i at dei fleste, i alle fall blant dei aktive bokelskarane, truleg nyttar denne nettstaden som ein følgje av eigen interesse.

Eg ser at Julie, på eit ganske elegant og snedig vis, har skild ut og formulert essensen av det forrige innlegget mitt, så noko meir forklaring frå mi side vert ikkje føremålsteneleg.

Men, for å demonstrere at også eg kan nytte kverulantens edle kunst, nyttar eg derfor høve til å motvise hypotesa di. Eg meiner altså at det eksisterer brukarar her på forumet med usjølviske motiv. For å finne ein bokelskar med nettopp desse eigenskapane skal det ikkje meir til enn å kaste eit blikk til høgre, på min kjære sambuar. Dette stakkars menneske er nemleg ikkje medlem av bokelskere av eige interesse, men som ein følgje av tvang frå mi side. Dette kan kanskje virke som eit aggressivt tiltak, men tru meg, om ein lever med eit individ med eit litterært inntak som er avgrensa til teikneseriestripene i dagbladet, kan ein ynskje å presse litt på. Uansett, så hjalp ikkje medlemskapet på bokelskere og eit minstekrav på 12 bøker i året, til å heve min sambuars litterære horisonten, men eg er sikker på at det er mange andre dedikerte bokelskere som har nytta liknande tvang over sine ukultiverte koner og menn, og kven veit, kanskje dei har hatt meir hell med seg enn kva eg har hatt. =)

Du får unnskylde denne lille avstikkaren. Når det kjem til denne skremmande, usjølviske brukaren du maler eit bilete av i innlegget ditt, synes eg det minner lite om dei bokelskarane eg har merka meg her på forumet. Eg trur heller du har truffe blink når det kjem til korleis ein sjølvsentrert bloggar tenkjer før han velgjer å spreie sine lysande innlegg. =)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Gjør døren høy, gjør porten vid, tenker jeg....når det gjelder bokelskere.no.

Kverulerende? Hm. Jeg fant vel innlegget ditt unødvendig nedlatende mot dem som ikke har "kapasitet" til å si noe annet enn at de liker eller elsker ei bok og lage hjertesymbol :)

Mangfold er bra! En bokomtale/kommentar/diskusjon på en setning kan være like inspirerende og god som en lang analyse av forfatterens motiv og virkemidler. Noen liker det ene, noen liker det andre, og de fleste av oss setter vel pris på begge deler.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineHilde Merete GjessingHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje MathisenCarine OlsrødAneKorianderBjørg L.Julie Stenseth