Andre bok i trilogien om Vassbygdi/a er Kom ikkje inn i mitt hus. Bendik Uføre og Sylvia fortset kampen mellom i- og a-målet, men legg til sides striden for å laga samlekort med nynorske diktarar. Det skapar uro i det bokmålske landet vårt. Ein Duun-demonstrant brenn seg sjølv i protest, utanriksministaren må gå, og jammen slår ikkje bokmålsfolket attende med å gjera ein av sine eigne diktarar til martyr. I tillegg møter Uføre sin største motstand til no, ein bokmålsmann minst like utkropen som Uføre sjølv.

Eg synes Kom ikkje inn i mitt hus fungerer hakket betre enn Når ein først skal skyte nokon. Karakterane er meir sympatiske denne gong, sjølv om den beiske humoren og dei abuserde situasjonane er like bitande som sist. Persongalleriet vert òg noko mindre, og ein vert betre kjent med Uføre, Sylvia og dei andre i Vassbygdi/a. I tillegg er boki på mange måtar ein hyllest til nynorske lyrikarar - det er ikkje utan grunn at Tor Jonsson prydar framsida. Her finn ein sitat, tankesprang og refleksjonar kring dikt og diktarar - og sjølv om for mykje diktlesing kan visa seg å vera skadeleg, er akkurat nok mengd både ynskjeleg og naudsynt.

Der var han nok framme ved den avgjerande skilnaden mellom diktarar og
monster: ordlegging mot øydelegging.
Arnfinn Kolerud, Kom ikkje inn i mitt hus

(fyrst publisert her)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KBeathe Solbergandreas h. o.TheaIngrid HilmerIngvild SLise MuntheTonesen81Hilde Merete GjessingBjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokatta