Det er ei gripande historie som blir fortalt i denne boka, og det at den i stor grad er basert på hendingar i forfattaren si eiga familie gjer det vanskelig å ikkje bli rørt. Det er modig å vere såpass utleverande om eigen bakgrunn i bokform, og det har også truleg vært ein god porsjon eigenterapi i å skrive romanen.
Det er gjort eit par litterære grep som fungerer svært godt, spesielt innledningsvis. Kapitla vekslar mellom notid og fortid, og der hovudpersonen "Tor" er forteljar i notid medan folk som har kjent bestefaren "Bår" er forteljarar i fortid. For å understreke skilnaden forel "Tor" på bokmål medan dei andre fortel på nynorsk. Artig.
Når det er sagt, så er forteljarstilen noko ukonsistent. Innimellom er det flotte, detaljrike skildringar som dreg lesaren rett inn i atmosfæra for handlinga medan det andre stadar blir litt for flatt og enkelt, eg greip meg sjølv i å tenke "skulestil" i enkelte passasjar. Enkelte ordval i forteljarsekvensane frå fortida bryt også av og til med stemninga.Teksta kunne ha stått seg på ei runde med gjennomarbeiding på desse punkta, det ville ha plussa på eit auge på terningkastet for min del. Men med tanke på bakgrunnen for at boka blei gitt ut er det neppe tanken på terningkast som har vært viktig for fortattaren.