For nokre år sidan las eg Et år i Provence av Peter Mayle - ei lettlesen bok som eg kosa meg med. Såg derfor fram til denne. Må nok tilstå at eg sit att med blanda kjensler.
Nokre kapittel var fornøyelege: om dei skarpaste ostane, dei sjeldne trøflane - om korleis lage ein perfekt omelett, om froskelårfestival. Han greier å skildre gastronomiske opplevingar i ulike deler av Frankrike slik at ein nesten får vatn i munnen ( sjølv om froskelår aldeles ikkje står på mi liste....)
Men - etter vel halvlesen bok vart eg litt lei av mat og vinsmaking, sjølv om han varierer både råstoff, kulinariske rettar og ikkje minst: mange ulike festivalar og landsbyar.
Har bestemt meg for å "spare" dei tre siste kap til kveldslektyre - ein gong eg er i beit.... Terningkast: sterkt i tvil, kanskje noko midt på treet?
Viser 5 svar.
hehe fikk meg en god latter. Det er først gang jeg egentlig har lest en anmeldelse av Fransk ost her på nettet. Nå er det ikke all ost jeg liker, froskelår har jeg ikke smakt - snegler har jeg smakt og det var godt. Kjøpte for noen år siden en dansk bok om hvordan lage hjemmelavet ost. Smørost lager jeg av avsilt rømme med diverse krydder eller annet i. Men seriøs er der oppskrifter i boken?
Ingen oppskrifter, nei..berre masse matsmaking og diverse måltid..
Da tror jeg at jeg står over. Det hadde blitt slakting av kjøleskap/fryser under lesing. For du ble vel sulten, eller kvalm?
Ikkje akkurat, han skriv jo godt, det vart berre litt vel mykje av det same...Et år i Provence likte eg betre!
Tok en tur innom Wikipedia og leste om forfatteren. Jeg står over.