Beirut, krig, kriminalitet - vold og død - er akkurat det motsette av kva eg likar å lese om. Kanskje derfor denne boka har stått på vent så lenge?
Vi er i Roma, Paris og ikkje minst i Libanon under borgarkrigen- i ei verd der bomber er ein del av kvardagen.Vi følgjer barndomsvennene Bassam og George og deira måte å takle ein krigskvardag på. Og - krigen, marerittet, tek ikkje slutt sjølv om ein forlet det krigsherja landet.
På baksida av boka står det: "I et vakkert, sobert språk skildrer De Niros Spill Bassams drøm og streben etter et annet liv, med en blodig borgerkrig som bakteppe.
Krigen fører til mange tap - store tap - som eg-personen Bassam vil bere med seg resten av livet. Men det er også ei forteljing om vennskap, både på grunn av - og på tross av.
Og når det gjeld språket så er det meir enn grunn god nok til å lese boka: Er fascinert av dei korte, knappe setningane og den overraskande og noko uvanlege bildebruken. Forstår godt at denne boka har vunne fleire prisar.
Tok meg sjølv i å spekulere på om noko av innhaldet kan vere sjølvopplevd... Først i dei siste par kapitla forstod eg tittelen på boka, men er kanskje litt treig i oppfattelsen...
Ser at ikkje mange har denne boka på lista si, men etter mi meining er den vel verd å bruke nokre timar på. Kanskje kan vi forstå litt meir av kva ein del flyktningar ber med seg?
Viser 1 svar.