Det gror etter Don Quijote!

Frå Silvia Ravira i den norske spansklærarforeininga ANPE ha reg fått melding om at Rosario López og Boris Rodríguez Hauck har planar om å setje opp eit teaterstykke på spansk i Bergen – «¡Nada más y nada menos que una versión de Don Quijote!”: verken meir eller mindre enn ein versjon av *Don Quijote …

López har i tretti år undervist i flamenco i byen der vest. Rodriguez Hauck sette i 2002 opp Don Quijote i Stuttgart med studentar, ei oppsetjing som varte i tre timar og hadde tretten skodespelarar som bytte roller i kvart kapittel, og oppsetjinga hadde mange danse- og biletinnslag. Don Quijote og Sancho Panza vart tolka av forskjellige skodespelarar.

Initiativtakarane inviterer alle som er interesserte i eit slikt prosjekt, til eit møte 20. juni klokka åtte om kvelden i Sonans utdanning i Bergen. Her vil ideen bli presentert, og det vil bli vist opptak frå oppsetjinga i Stuttgart. Så blir det diskusjon om prosjektet. Kanskje blir det oppsetjing i mai 2012?

Har vi ein bokelskande bergensar å sende på møtet til å representere oss? “Está permitido llevar vino,” står det: Ein kan ta med seg vin. Ja, det skulle berre mangle!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Jeg er jo en bokelsker bosatt i Bergen, men jeg forstår ikke spansk eller er spesielt entusiastisk til Don Quijote, beklager. Egentlig burde jo du, KjellG, ta turen:) Benytte sjansen til å kombinere et besøk i en av Norges vakreste byer med en av dine store interesse, DQ og Spania,hehe. Vi kunne jo ha som mål å treffes, alle vi DQ-leser, til en festaften i Bergen 2012 med dramatisering og annet DQ-moro;)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det var dette eg tenkte på - å møtest der, altså. Det med representant var mest sagt i spøk, da ... Eg er i ein av dei vakraste byane, Trondheim, den dagen det er møte, men når eg får meir informasjon om prosjektet, skal eg gi lyd frå meg, og eg ser fram til oppsetjinga i den vakre byen Bergen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Interessant! Føler at jeg sitter på feil side av fjellet nå... ;-D

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kikkan HaugenAnneIrenelesergretemorCarine OlsrødHarald KAnne Berit GrønbechBård StørePer LundStian AxdalGunn DuaasHegeIrene KnudsenArne SjønnesenalpakkaJulie StensethJan-Olav SelforsAnne-Stine Ruud HusevågLeseaaseSigrid NygaardIngeborg GThomas Røst StenerudRoger MartinsenEgil StangelandBirgitte Veland LarsenCamillaBerit RTone SundlandConnieAndreas BoklesersveinJeanetteAre SkårTonesiljehusmorTherese SteinskogLinda NyrudLailalillianerHilde Merete Gjessing