Heilt enig! Første og andre del var berre så utrulig bra, og eg ville så gjerne at del tre skulle fenga meg like mykje, men det skjedde liksom aldri.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det ser eg på som positivt! Grytten er noko for seg sjølv. Og ærleg talt, omslagsbiletet åleine kunne fått meg til å lesa denne boka. Klarar ikkje å slutta å sjå på det!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"På veg til Oslo hadde han gått inn i si tid, han skulle endre verda, han skulle i alle fall endre Norge, i det minste Odda og Tyssedal, han hadde stått som ein påle på plassen utanfor Stortinget, og sjølv om alle saman hadde kjørt skuffa heim igjen, som eit lag som har tapt på bortebane, hadde dei heile tida opptrådd med hovudet høgt heva."

Saganatt av Frode Grytten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg tar til å le høgt av min eigen vits. Eg sit her åleine og ler. Folk stirer bort på meg. For ein augneblink er eg lykkelig.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Hjartet opnar seg. Hjartet lukkar seg. Hjartet blir mjukt. Hjartet blir hardt. Om hjartet opnar seg på feil tidspunkt eller blir hardt når det burde vere mjukt, er ein i trøbbel. Meir trøbbel er i vente dersom hjartet blir mjukt når det burde vere hardt.

Godt sagt! (8) Varsle Svar
  • Kompani Orheim av Tore Renberg
  • Forføreren av Jan Kjærstad
  • Midtens rike av Torbjørn Færøvik
  • Doppler av Erlend Loe
  • Erobreren av Jan Kjærstad
  • Kafka på stranden av Haruki Murakami
  • Lucie av Amalie Skram
  • Jonas av Jens Bjørneboe
  • Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold
  • Til musikken av Ketil Bjørnstad
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boka er på mange måtar veldig trist, men likevel herleg komisk, og mest av alt berre veldig fin. Elskar språket!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Under trappa var det eit skåp fullt av skor. Kvar vår vart alle skoa sopte ut på golvet. "Finn dåke skor som passar, ongar", ropte far, og små og store sommarsko flaug hit og dit til alle hadde funne seg noko som gjekk på foten. Tøysko som ikkje lengre var kvite, gjekk me over med kritt. Då vart dei fine som nye.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det einaste me drøymde om var å reisa til sjøs. Heimkomne sjøfolk som stod der med "Chesterfield"-sigarettar og pass i brystlomma, lokka oss. Eller kanskje me skulle bli fiskarar og få oss Bømla-hua med fiskarasp på?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Koseleg bok med fine og underhaldande forteljingar frå femtitals-barndomar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då forstod doktoren kva som var gale. Eg hadde fått polio! No tok han affære og sendte meg til Haukeland, men foreldra mine fekk ikkje vera med. Heimen vart isolert og naboane var skamredde. Foreldra mine skreiv lappar med handleliste som dei la på ein stein, så kom andre og skreiv dei av. Ingen torde ta i papiret ein gong! Slik heldt det på i fleire veker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg seier berre: Takk for at me har fått Musikk i perspektiv 1 og 2, av Svein Tørquist og Hans Jacob Høyem Tronshaug! :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Foreslår "Juliet, naked" av Nick Hornby :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hovudgrunnen min for å lesa denne boka var å finna ut om ho verkeleg kunne fortena 2 i gjennomsnittleg terningkast. Og gjer ho det? Så absolutt ikkje.

Ordbruken til Behn kan få språket hans til å verka pompøst, eg syntest heilt klart det sjølv dei første sidene; men eg har insett at det er dette som gjer det heile overraskande originalt.

Eg skjønar godt kvifor ein god del ikkje likar denne boka; ho tuklar jo trass alt med nettopp det mange ikkje likar å snakka om. Homofili og hiv/aids, kjønnsskifte, innvandring og asylmottak er nokre av emna. I tillegg finn me overdrivingar og openbar kritikk av norsk overklasse og tilsette ved kongehuset.

Likte klart første del best, men alt i alt var dette ei fin bok. Særleg fall skildringane av barndommen til Vivian i smak. Slutten er óg spesiell!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Litt treig og tung å lesa i starten, men tok seg veldig opp. Ei god bok som viser situasjonen til ei innvandrarjente med hennar og familien sine indiske tradisjonar som kolliderer med det engelske.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KTonje-Elisabeth StørkersenAlice NordliElisabeth SveeStig TEivind  VaksvikTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikHilde H HelsethLars MæhlumMarit AamdalTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestBente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterSynnøve H HoelBjørg L.BenteNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldBeathe SolbergIna Elisabeth Bøgh VigreJulie StensethMarenGitte FurusethBerit R