Så stal me ein båt

barndomsforteljingar frå 1950-talet

av (forfatter).

Kapabel 2011 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

I denne boka har forfattaren samla historier frå nokre som vaks opp i Sunnhordland på 1950-talet.

Omtale fra forlaget

Det er noko med 1950-talet som engasjerer og fasinerer. Krigen var over, optimismen var stor, og alle krefter trongs for å skapa den nye framtida. Gleda over betra velstand blant folk var enorm, fordi tronge kår og rasjonering blei erstatta av ny giv og oppbygging, Marshallhjelp og nye arbeidsplassar. Kva tid i historia har eit tiår romma slike endringar? Johanne Øvstebø Tveten er tilsett som undervisningsleiar ved Sunnhordland Museum på Stord. I denne boka har ho samla historier frå nokre som vaks i Sunnhordland på 1950-talet. Johanne Øvstebø Tvedten er oppvaksne delvis på Sunnmøre og delvis på Stord. Ho er lærarutdanna og har hovudfag i drama- og teaterpedagogikk, med mange år bak seg i skulen. I tillegg har ho arbeidd som høgskulelektor i Volda og i Bergen, og ho var lærar på Høgskulen Stord/Haugesund sitt studium i Munnleg forteljing i Etne. I 2003 vart ho tilsett som undervisningsleiar ved Sunnhordland Museum, og har sidan skrive og framført mange historiske forteljingar og skodespel frå Sunnhordland. Dette er fyrste boka hennar.

Bokdetaljer

Forlag Kapabel

Utgivelsesår 2011

Format Innbundet

ISBN13 9788281630352

EAN 9788281630352

Genre Personlige beretninger

Omtalt tid Etterkrigstiden

Omtalt sted Hordaland

Språk Nynorsk

Sider 110

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Då forstod doktoren kva som var gale. Eg hadde fått polio! No tok han affære og sendte meg til Haukeland, men foreldra mine fekk ikkje vera med. Heimen vart isolert og naboane var skamredde. Foreldra mine skreiv lappar med handleliste som dei la på ein stein, så kom andre og skreiv dei av. Ingen torde ta i papiret ein gong! Slik heldt det på i fleire veker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det einaste me drøymde om var å reisa til sjøs. Heimkomne sjøfolk som stod der med "Chesterfield"-sigarettar og pass i brystlomma, lokka oss. Eller kanskje me skulle bli fiskarar og få oss Bømla-hua med fiskarasp på?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Under trappa var det eit skåp fullt av skor. Kvar vår vart alle skoa sopte ut på golvet. "Finn dåke skor som passar, ongar", ropte far, og små og store sommarsko flaug hit og dit til alle hadde funne seg noko som gjekk på foten. Tøysko som ikkje lengre var kvite, gjekk me over med kritt. Då vart dei fine som nye.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket