Det skin i li
Det skin i li
det syng i skog,
av di du leikar
i min hug.
Når lauvet likrar
bekkjer læt,
eg sit glad
at gleda græt!
Den sæle dagen
du kom innn
og rudde rom
i hugen min,
då opnast alt
som før var stengt
og ringa inn
av draum og lengt.
No kvitrar fugl
no glitrar blad
og blomar strålar
allan stad.
Um handi ikkje
kan deg nå
og augo ikkje
kan deg sjå
kvar dei så vender
seg- og snur:
Mitt hjarta veit
kvarhelst du bur.
Og veit eg ikkje
kvar du fer,
eg veit ein stad
du alltid er.
Biletet
Eg ville teikne med ord
ho som eg ber i hugen,
så eg fekk synt ho fram.
Men ordi rakk ikkje til.
Eg ville seia ho med blomar,
skire som hennar augo.
Men alle blomeberg i verdi
kunne ikkje syne fram
korleis ho var.
Eg dyppa min pensel
djupt ned i blåe havet.
Eg teikna med stjerneskrift
på natthimmeldjupet.
Dei logande haustfargar
over lauvskog og lier,
dyppa eg penselen i.
Men biletet bleikna
mot henne eg elskar.
Då opna eg bringa,
dyppa penselen djupt inn
og måla ho
med mitt hjarteblod.
Då blodet storkna
stråla det fram:
Biletet av henne
eg elskar.
Nokon har sett deg
Du gøymer deg for dei andre,
vil ikkje syne deg fram.
Tek på deg kappa
som gjer deg usynleg.
Ingen skal sjå ditt nakne
nederlag og skam.
Men solmakti nådde hjarta
og nækte deg for den eine.
Alt i-deg låg ope i dagen.
Du var ikkje lenger åleine.
Solstrålar vermer
ditt arme lende.
Nokon har sett deg-
Underleg er det å kjenne.
Det er ikkje skam du kjenner.
Freden og tryggleiken
fylgjer i alt du gjer,
fordi du har synt fram
det inste i deg
for nokon som er deg kjær.
Trygg kjenner du deg, og roleg
av di at nokon har sett deg
slik som du er.
På dine vegar
Vegen har kjent i sæle
den lette tyngd av din fot.
Her har du gått og sett det same
som stig mine augo imot.
Dagen er dim og draumslørd.
Kva er det då som gjer
alt syner seg tifald
vakrare for mine augo,
meir underleg skirt enn det er.
Mitt hjarta bankar og ventar.
Det er som eit under er nær.
I glede kjenner eg kvifor
alt er så ljost og lett:
Det er av di at dette
har dine augo sett.
Du i meg
Den morgonene eg vakna,
vart alt så underleg.
Sæl kjende eg det levde
eit du i meg.
Nyskapt stod alt ikring meg.
Og lukkeleg og still
kom gleda hit og melde
at du er til.
Til deg som gav meg to bilete
Di vàre hand,
di varme hand
har teikna ditt bilete.
Det seier meire
enn mitt auga ser.
Så tankefull og tagall
sit du ved ditt bord
og talar til mitt hjarta
utan ord.
Det såre draget
kring din munn,
eg kjenner vèl
det speglar av
eit hoggsår i di sjel.
Di eigi teikning
av deg sjølv du gav meg.
Eg stryk deg varsamt
over hår og kinn
og står og kjenner
at du har rørt
ved noko i mitt sinn.
Det andre som du sende
har eit anna auge sett.
Kan hende er det meire
flagrelett-
men aldri kan
eit auga utanfor
på same måten
syne fram
det inste i deg,
der du står
med bregner i ditt fang
og fylt av vår----
Rotlaus
Du står der trygg av di du fann
din grunn.
Meg jagar eld og uro kvar
ei stund.
Um kvervelvinden riv med
bråe kast,
du har dei røtene som held
deg fast.
Eg stomlar fram, eig ikkje rast
og ro,
Du står og veit korleis det er
å gro.
Med' lengten driv meg kringum land
og strand,
står du og gror i fred, av di
du fann.
Fulltrygg står du der i din fred
og veit-
Meg jagar livet vidare
på leit.
[...]
Den knytte neven
kan ingen ting gjeva
og ingen ting
ta imot.
Hvem har fasiten på hva som er en god mor? jeg har det ikke. Instinktivt føles det likevel som jeg vet hva den lille gutten vår trenger mest av alt. Kjærlighet og trygghet. Det kan vi gi ham. Ubegrenset.
Gro er biologisk tilknyttet Mio. Det er ikke jeg. Disse tankene har jeg forsøkt å bearbeide før og under graviditeten, men det er noe helt annet å stå i det på denne måten. Jeg har blitt kjent med Mio og føler en kjærlighet til ham som er sterkere enn noe annet jeg har opplevd.
Det gode ved å få gi liv til et barn overskygger totalt den smertefulle delen av det. Ingen fødselshistorier er lik, så det er ikke noe poeng i å bruke mye energi på å forsvare eller forklare utsagnet. Jeg kan kun si at jeg hadde gjort det igjen.
Det hendene vil
Ingen kan tolke
den ordlause kvide,
når han med dei krøkte fingrar
han med dei skjelvande,
utslitne hender
blir skuva til side.
Gagnlaus han står der.
Eit turka tre
med sprikande greiner.
Han er ikkje lenger
rekna med.
Tung kjennest den pine
når stundi er komi
då ingen har bruk
for hendene dine.
Heller du ynskte
du aldri var til
um den dag skulle koma
at du ikkje lenger
kan makte å gjera
det hendene vil.
Den dagen
Um all ting laga seg
slik som du ville,
det kunne aldri
all di lengsle stille.
Ei lengt mot det
som ikkje er å nå-
Den dagen
då di leitings uro
og di lengsle stilnar,
vil livet døy
og hjarta slutte slå.
Utan deg
Utan at du
vil og veit det,
er du med
i alt eg gjer.
Utan deg
eg ville ikkje
vera det
og den eg er.
Utan deg
eg kunne ikkje
løyse det
som innestengt
ligg og lever
djupt i hugen,
spunne inn
og unna-trengt.
Trass i alder
år og avstand,
er du no
og alltid nær.
Fylgjer med
til vegen endar
og eg ikkje
lenger er.
Tungt glid båten
Tungt glid båten. Fylt av draumar,
over opne, vide hav.
Møter brot og understraumar
som vil søkkje han i kav.
Himlen myrknar. Stormen vaknar
just som soli klårast skein.
Draumane glid over ripa
ned i kavet, ein og ein.
Makteslaus eg sit og ser
mine draumars drukningsdaude.
Men igjenom alt som skjer,
skal det endå ikkje naude:
Her er att ein einsleg draum
som eg fylltrygg veit ska leva
gjenom bylgjebrot og straum.
Draumen som har rot i æva.
Som fuglefløyt
Når eg er burte
skal eg koma til deg
som fuglefløyt
gjennom stille skogar.
I den milde brisen
som stryk deg
lint over håret
og fløyelsmjuk legg seg
imot di kinn
som stròk av usynlege,
varme hender.
Når dagen din
dimmest og grånar
og alt tykkjest meiningslaust,
vil eg vera i solstrålen
som bryt gjenom tunge skyer.
Når du går der åleine,
skal eg koma til deg
i viddesusen frå fjellet
i båreglitret
skjelvande over sjøen.
I nordljosnetter
og når du går under
djupblåe stjernehimlar,
skal eg vera hjå deg.
Nærleik
Av di du bur i hugen
er du meg alltid nær,
så eg kan lite skimte
korleis- og kven du er.
Eg søkjer alltid nærleik,
spør aldri kva han vil.
Veit ikkje at det heller
er avstand som skal til.
Tidt tenkjer eg, at var du
meg ikkje fullt så kjær,
eg kunne kanskje klårare
sjå deg som du er.
Gjev meg ei stund med stille
Gjev meg en dag med stille.
Der solblanke, blide
båror går mot mi kyst.
Lat det bli fred, der dei ville
stormane bryt i mitt bryst.
Gjev meg en stund med stille.
Før meg atttende
frå uvèr og ilt.
Heim til det mogne og milde.
Lat alt bli stilt.
Du seier-
Du seier:
Eg må lata som
eg er hard og kynisk,
skal eg kunne
berge meg-
Skal eg kunne
koma meg vidare,
må eg skuve
dei andre frå meg.
Eg står att forundra
og tenkjer:
Skal tru
det berre er noko
du seier?
Eller- er dette du?
Kan du skuve
dei andre til sides
og trakke dei ned?
Blir du gladare av det
og meir nøgd?
Får du ro eller fred?
Kva blir di vinning,
kva blir ditt tap?
Denne augneblenken
du óg er med-
Usynleg gåve
Usynleg er ho
men meire verksam
enn alt du kan sjå
Største gåvene
du kan få,
er dei usynlege.
Kven har sett gleda?