Eg er sterkt ueinig. Greit - bøkene er ikkje meir enn litt over middels gode, men det er eit veldig interessant prosjekt. Og bøkene er morsomme på same måte som Nytt på nytt er morsomt.

Bakgrunnen for anonymiteten er ifølge han sjølv at han ville sjå om han fekk merksemd rundt bøkene og ikkje personen, noko som slo litt feil.

Eg boikotter ikkje prosjektet - eg synest det er morsomt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trur ikkje det er Knut Nærum. Han har gitt ut fleire titlar under eige namn i same perioden - har han så stor kapasitet? Og korfor skulle han eventuelt bruke Kagge, når han er tilknytta CappelenDamm som seg sjølv?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, men det er ganske morsomt å følgje med på svara han eller ho kjem med.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er veldig godt oppsummert!

Og eg er gjerne med på å slå eit slag for at sakprosaforfattarar skal kunne kalle seg forfattarar. Det er dei jo absolutt. Og det kan jo også stå som eit apropos til den diskusjonsgreina som spring ut litt lenger oppe i tråden. Eg trur ikkje skjønnlitteraturen har rett til å kjenne seg truga av sakprosaen, som nokon har antyda over. Det er to svært ulike, men like fullt viktige sjangrar og vi treng forfattarar som skriv begge sjangrane. Sakprosaen og den kunstneriske diktinga har begge sin plass.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tusen takk for gode tips!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dersom du vil ha litt meir materiale om femavsnittsmetoden, kan du sende epostadressa di på ei melding, så kan eg sende deg det eg har. Det er som sagt veldig nyttig både til eiga skriving og til undervisningsbruk, dersom ein skal jobbe litt systematisk med skriving som grunnleggjande ferdigheit.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så fint å kunne vere til hjelp :) Det er ikkje så lenge sidan eg gjekk gjennom same prosessen sjølv. Det å komme frå idé-stadiet til skrivestadiet er det vanskelegaste, når ein skal skrive slike omfattande oppgåver, synest eg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nå er det bare eit kvarter igjen til "Anonym" skal avsløre kven han eller ho er i Dagbladet. Eg er frykteleg nysgjerrig på kven det er. Er det nokon her som har nokre tips om kven det kan vere?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er heilt einig med deg i at det er eit svært skeivt forhold mellom gode lesaropplevingar og bøker som får stor eksponering i bokhandlarane. Og det synest eg er veldig synd. (Og med det same kan eg jo nevne den grenselause irritasjonen eg kjenner, over at bokhandlarar er i ferd med å bli tekopp- og interiørbutikkar, som eg har blogga om herog her ). Eg skulle ønske det var fleire delikatessebokhandlarar, slike små bokhandlarar kor dei bare har gode bøker. Likevel trur eg at det er stor forskjell på målgruppa til bøker skrive av kjendisar om det dei er kjende for og skjønnlitterære bøker.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Poenget mitt med å trekke inn forfattarforeninga var eigentleg bare å presisere at det er ikkje slik at alle som har gitt ut ei bok, blir sett på som forfattar i ein kvar samanheng. Og du har heilt rett i at mange forfattarar ikkje kan leve av boksal, fordi marknaden her er svært liten.

Eg meinte bare å seie at det er forskjell på ulike måtar å bruke omgrepet forfattar på, noko du også er inne på i din kommentar. Både Maria Amelie og Ari Behn er veldig gode eksempler på at det er lite som skal til for å bli kalt forfattar. Likevel - det er forskjell på om ein seier "Maria Amelie er forfattar til boka Ulovlig norsk" og på å seie at "Yrket til Maria Amelie er å vere forfattar på heiltid".

Som innlegget ditt også tydeleggjer, er forfattaromgrepet svært kontekstavhengig. Og spørsmålet om kva samanheng omgrepet blir brukt, meiner eg er relevant i ein diskusjon kor det blir hevda at det er alt for lett å kalle seg forfattar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har lese ganske mange gode debutbøker den siste tida. Både Ruth Lillegraven si Mellom oss og Jo fortere jeg går jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold er to av dei beste bøkene eg har lese det siste året, begge debutantar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For å bli medlem av forfattarforeningen må ein ha gitt ut minst to bøker. I mine auge er det forskjell på å vere forfattar av ei bok, og på å vere forfattar av yrke. At Jeanette Roede er "forfatter av oppskriftsboka slankemat" er noko anna enn at nokon presenterer seg som forfattar av yrke. Dersom nokon presenterer seg som forfattar av yrke, tenker eg at det impliserer at dei lever av å skrive.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jo Nesbø sa i eit intervju at han sendte inn det første manuset til forlaget under pseudonym, fordi han ikkje ville få boka utgitt fordi han var "kjent". Då han kom til forlaget, hadde dei aldri høyrd om verken han eller DeDerre. Og han kan jo faktisk skrive.

Men når det gjeld fotballspelarar og kokkar og liknande som gir ut bøker, er vel desse ofte i ein annan sjanger enn romanar. At Lars Monsen gir ut bøker om villmarksliv, ser eg ikkje akkurat som ein trugsel for skjønnlitteraturen. Dei bøkene sel til andre grupper og er i andre sjangrar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når du skriv "billedbøker for voksne", tenker du då på kunstbøker og liknande? Dei er kanskje ikkje litteratur, i den forstand, men eg meiner absolutt at dei er flotte å bla i og svært inspirerande, i alle fall om ein er glad i fotokunst og anna kunst. Men det å bla i ei kunstbok er noko heilt anna enn å lese ein roman. For meg blir det å samanlikne desse to, som å samanlikne å lese bok med å sjå på tv - det er ikkje det same.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Outsider-motivet som du peikar på, er jo på ingen måte eksklusivt forbeholdt vampyrlitteraturen, heller. Det er tilstade i svært mykje litteratur, og det er eit klassisk motiv, både i norsk og internasjonal litteratur. Eg trur eg vil gå så langt som å påstå at ein hovudperson sin mangel i forhold til seg sjølv eller samfunnet er drivkrafta i omtrent alle bøkene eg har lese. Så eg tenker at vampyrlitteraturen ikkje er annleis enn anna litteratur på dette området.

Det som er interessant, er jo måten outsidaren blir framstilt på. Det er dette som har forandra seg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Innlegget ditt er så velformulert, at det er vanskeleg å svare på det. Og eg er heilt einig i at dagens vampyrar er ein svært utvanna versjon av dei ordentlege vampyrane. Både i Vampire Diaries, Twilight og True Blood er dei jo snarare svært på hugget etter å avkrefte dei gamle mytene om vampyrane. Edward Cullen kan fotograferast og Bill Compton er synlege i speilet. Og dei avkrefter mytene om vampyrane.

Og grunnen til at eg veit dette? Eg har latt meg forføre. Eg har slukt Twilight-serien, med eit snev av guilty pleassure (sjølv om eg blir litt irritert over Bella sin naivitet) og eg storkosar meg med ein True Blood-episode eller to på dvd, etter ein lang dag. Eg kan ikkje svare på korfor, men det er noko veldig tiltrekkande og forførande med desse "snille" vampyrane. For meg begynte denne tiltrekkinga med at John Ajvide Lindquist stilde spørsmål med om vampyrar eigentleg var monster, eller om dei bare nokre sårbare og misforståtte individ, med problemer med å tilpasse seg menneska sitt samfunn.

Og det er kanskje dette spørsmålet som skil gamle og nye vampyrar frå kvarandre. For dei gamle vampyrhistoriane er horror. Dei fortel om dei som er annleis, på ein skremmande måte. Her ligg spenninga i det framande og det skremmande aspektet ved vampyrane si annleisheit. Den nye vampyrsjangeren fortel om vampyren som prøver å passe inn i eit samfunn, men med eit anna utgangspunkt enn folk flest. Spenninga her ligg ikkje i det at vampyren er annleis, men snarare i det at vampyren forsøker å vere lik. Eg trur det er snakk om ei perspektivforskyving.

Og utan å trekke analogien for langt, er kanskje denne forskjellen deskriptiv for samfunnet til Dracula i 1897 og samfunnet på 2010-talet. For krava om tilpasning er store i dagens samfunn. Det å ikkje ønske assimilering av alle grupper (inkludert vampyrar) er diskriminering. Samtidig problematiserer jo særleg BBC-serien "Being Human" (som er eit nivå over dei andre) dette assimileringsønsket. Kva slags samfunn får vi, om varulven, vampyren og liket skal bu i kollektiv i nabolaget vårt?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg trur det er ein litt frittståande trilogi. Dei byggjer på kvarandre, men dei er ikkje avhengige av kvarandre. Men eg har også bare lese Mengele Zoo og den boka eg nemnde i innlegget over.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, stemmer det! Anne Cath Vestly sine figurar flettar seg jo veldig inn i kvarandre. Aurora og Guro blir vel naboar også, også dukkar ein av dei åtte ungane opp frå eit hus i skogen, viss eg ikkje hugser heilt feil?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det er sant. Eg møtte plutseleg på Mino som omreisande musikant i den siste boka til Nygårdshaug (som eg ikkje klarer å komme på kva heiter i farta, men det var ei litt sånn DaVinci-koden-inspirert bok), og eg blei litt overraska over at han plutseleg satt der i snøen på torget på Tynset. Men så sa Nygårdshaug i eit intervju at Mino kom innom alle bøkene hans, som ein gimick.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då eg skreiv mi masteroppgåve, begynte eg med å lese mykje av tidlegare forskning om forfattarskapet. Det er mange lause trådar å ta tak i der. Dersom du søker i Bibsys og Atekst vil du finne gode artiklar - for eksempel i tidsskriftet Edda er det mykje å hente. Så ville eg ha lese ein del om surrealismen. For eksempel begynne med Andrè Breton sitt surrealistiske manifest, og søke i dei same databasane etter arbeid om denne retningen. Dersom du jobbar deg litt systematisk gjennom sekundærlitteratur, og tek systematiske notatar undervegs vil du komme langt på veg. Dersom du finn ei uoverkommeleg mengde litteratur, har du kanskje ein veiledar som kan hjelpe deg med å plukke ut kva som er mest relevant?

Når det gjeld sjølve skrivinga har du kanskje høyrd om fem-avsnittsmetoden, dersom du held på med ei lærarutdanning? Dette er eit veldig godt verktøy til å komme i gang med å skrive. Og dersom du søker på nettet på "The five paragraph method" vil du finne mykje godt om skriving (som også er svært nyttig i undervisningsbruk).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Rosa99NorahBerit RSiv RønstadMonaBLTurid KjendliesomniferumHarald KBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokatta