Det går heilt fint. Eg skjønner poenget, og skal søke grundigare neste gong eg har lyst til å leggje ut noko eg har skrive om ei bok :)
Eg er med i eit håndarbeidsforum, og der kjem spørsmålet "Er det lov å ha strikkepinnar på fly?" frå alle nye medlem, når det nærmar seg ferie. Eg vel å le av det, men det er jo dei som irriterer seg over å måtte svare på det same om og om igjen. Og eg skjønner jo det.
Eg skjønner godt at det er irriterande å svare på same innlegg om og om igjen, eg forsøker bare å svare for korfor eg har gjort som eg har gjort.
Og når det gjeld forumoppdragelser er det å tilpasse seg ulike normer i ulike miljø ein grunnleggjande eigenskap, både IRL og på nett.
Ein ting som kanskje er litt ved sida av denne diskusjonen, men som likevel i høgaste grad er relevant er dette med ulike utgåver av bøker.
I går la eg inn ein del bøker eg ikkje hadde lagt inn og kopierte nokre omtaler frå bloggen min, omlag samtidig med at denne tråden dukka opp, så eg rekner med at "noen" er meg.
Ta for eksempel "The Sorrows of an American". Eg søkte på denne og fant ut at ho ikkje låg i boksamlinga mi. Eg la då til denne utgåva, som ikkje hadde nokre starta diskusjonar. Akkurat denne hugser eg at eg stussa på at ingen hadde sagt noko om, derfor kopierte eg eit innlegg frå bloggen min for å starte ein diskusjon.
Vidare ser eg innlegget til Karamella, som trekker fram akkurat denne boka og eg stusser litt. Etter litt grundigare søking, ser eg jo at det finst fleire utgåver og at eg for 1,5 år sidan skreiv bruddstykker av blogginnlegget eg har kopiert inn, på ein av dei andre utgåvene. Her er det fleire andre diskusjonar om boka, som er starta etter at eg skreiv det første innlegget (paradoksalt nok), som eg ikkje har lese, fordi eg trykka meg inn på ei "tom" utgåve. Eg ville nok ikkje ha starta ein ny tråd her, hadde eg funne disksjonen starta av Kjersti Johnsen då eg la til boka, ville eg nok ikkje ha starta ein ny tråd, men heller svart. Og eg kjem til å svare der nå, som eg har funne han.
Langt og kronglete skrive, men noko av forklaringa til at det blir starta nye diskusjonar om bøker som allereide er under diskusjon, kan vere at folk ser at det ikkje står noko under ei utgåve og då gløymer å sjekke dei fjorten andre formata og språka som boka blir diskutert under.
I så fall bør ein leggje litt godvilje til - eg synest ikkje det er lett å finne fram her i dette forumet, med alle dei ulike utgåvene av bøkene, i alle fall. Dersom ein ikkje har godvilje nok til å tåle dette, bør ein kanskje heller høyre med moderator om dei ulike diskusjonane om same bok, kan koplast til alle utgåvene av same boka. Då vil kanskje dei som irriterer seg over at det blir starta fleire trådar om same bok, få litt færre irritasjonsmomenter å kaste bort tida si på.
Eg har gjort det, og eg tar dette til etterretning. Som sagt, så skjønner eg at det er andre retningslinjer her enn på andre forum eg har vore borti. Men det er ikkje alltid like lett å gjette seg fram til slikt.
Eg registrerer også leste bøker, anten eg eig boka eller ikkje. Men om ein skal bruke bokelskere til å holde orden på boksamlinga, blir det jo forstyrrande med bøker som ikkje står i hylla, så eg ser at ein kan bruke registreringa på fleire måtar.
Viss det er slik folk flest tenker, så retter eg meg gjerne etter det :)
Min tanke då eg la ut desse omtalene, var at etter å ha bladd gjennom tidlegare trådar verka det ikkje som om dei passa inn der, så då lagde eg eigne innlegg. Dei tidlegare trådane verka litt "ferdige" på ein måte, og tenkte at det å trekke fram såpass gamle trådar er litt unødvendig. Det er jo bøkene som ikkje mister aktualiteten sin. Og det kjem fram, nettopp ved at det er stadig nye ting å seie om same boka, sjølv om det kanskje ikkje passar i den gamle tråden.
Vente, blinke la eg forøvrig i ein eksisterande tråd, fordi der passa det inn. Men det er ikkje alltid det kjennest som om det passar å skrive i veldig gamle trådar.
Eg har fått min "forumoppdragelse" i andre miljø, og der har eg lært at ein ikkje skal trekke opp gamle trådar. Dersom det er kutyme her, skal eg som sagt rette meg etter det.
Synest forresten eg ser den stakkaran som søker på diskusjonar om Anthon Berg, Konjakk-farga skor og garn og hamnar her...
Det gjer vi heilt sikkert! Sov godt, og takk for ein triveleg kveld!
Ja, eg sliter også litt med å finne fram innimellom... Men det er mindre uoversikteleg enn slike rett fram-trådar.
Du er velkommen! Eg trur eg skal sjå eit par episodar Mad Men og strikke ferdig ein barselgåve. Venninna mi, som ikkje har oppdatert facebookstatusen kvar 3. time har ikkje gitt lyd frå seg på 22 timar, nå, så eg trur det er på tide å gjere ferdig pakken.
Eg meinte deg og Solveig S, ja. Eg er også der, og for meg går det også litt i rykk og napp. Men eg les på raverly også (du må bli med i "Skandinaviske lesehester"-gruppa).
Ja, eg datt litt av, då eg var ute og lufta meg litt i stad, men dette blei verkeleg triveleg. Og greinesystemet gjer det jo til ei viss grad mogleg å halde tråden, sjølv om ein har fallt av ei lita stund!
Er begge de to også på Ravelry?
Slike har eg også lyst på.. sikler
Vi bør ha skravletrådar, for dette var ganske triveleg, i alle fall.
Går det an å skift namn på tråden til "1001 tema du skal skravle om før du legger deg"?
Eg tenker av og til at det eg har å seie om ei bok er så forskjellig frå det som allereide er sagt, at det ikkje passer seg å svare i den tråden. Dersom nokon skriv "Hurra! Dette er den beste boka eg har lese og ho forandra livet mitt", kjennest det litt småkjipt å overta diskusjonen med ei negativ omtale. Då synest eg det er betre å starte ein ny tråd, men mi eiga godt begrunna omtale.
Mange diskusjonar er også gamle, og eg blir også usikker med tanke på å kommentere på 1,5 år gamle innlegg.
Anten det, ellers så kan det bare hende at du rett og slett har samme smak som listemakaren. Det er jo mange gode titlar på lista!
Det er bare kjekt :)
Eg driv og går gjennom bloggen min og kopierer inn gamle omtaler av bøker eg allereide har lese.
Kanskje vi skulle laga ei bokhylle kvar, som heiter 1001 bøker, som vi kan sortere bøkene våre i. Då er det lett for oss å finne omtaler av bøker vi har lese (sjølv om heile systemet mitt raknar då...)