Eg fekk ei kjensle av at forfattaren prøvde på noko, som falt litt gjennom. Eg liker også poetisk språk, men som Hedvig seier over, det kan bli litt vel mykje.
Når var du sist på biblioteket? I går.
Lånte du noe eller benyttet du en tjeneste der? Jeg lånte tre bøker.
Av de siste fem bøkene du leste hvor mange hadde du lånt på biblioteket? Tre.
Hva mener du er hovedfunksjonen til et bibliotek? Vel..tuller du? Å ha tilgang til bøker man kan låne.
Jeg skriver bittelittegranne på http://www.stigovevoll.no. Blir mest når ånden kommer over meg...
En meget godt skrevet bok som fikk meg til å reflektere og ga meg nye perspektiver på både livet og døden.
Ja, eg såg akkurat det.
Dei har dratt strikken ganske langt nå, så eg håper dei avslører det nå.
Takk for tips! Då skal eg sjå om eg ikkje får tak i ho.
Ferdig med Elskeren, ei bok eg likte veldig godt. Når lurer eg på kva eg skal fortsette med...
Eg har ikkje lese Forsytesagaen, men eg hugser at eg nesten kjøpte bind 1-5 og 8-10 på loppemarknad, etter at BBC si filmatisering gjekk på NRK for nokre år sidan. Eg lot vere å kjøpe bøkene, i og med at serien ikkje var komplett.
Eg er mot veto mot kjipe spørsmål. Vegen til diktaturet er alt for kort, frå ein slik regel. Dessutan kjem alle dei morsomme diskusjonane om litteratur, frå kritiske spørsmål til teksten. Og det vil vi ha.
Eg har budd i kollektiv, i ein periode kor det å dele utgifter til zalo og dopapir på øret likt var veldig viktig. I og med at eg har endra holdning til både zalo- og dopapirutgifter til ein litt meir sosialistisk modell som inneber uttrykka "evne" og "behov", er ikkje mine kollektiverfaringar så mykje verdt nå lenger.
Men eg har ikkje fått med meg veto mot jogging. Eg trur eg legg ned veto mot veto mot jogging, fordi eg liker å jogge. Eg lover imidlertid å ikkje jogge på andre med bokkollektivistar, på deira eigendelar eller i vegen for yndlingsleseplassane deira.
Så kjekt at du også er med!
Schach har eg veldig lyst til å lese - eg har bare ikkje fått tak i ho ennå. Eg har høyrd fleire skryte av henne.
Kanskje det å veksle mellom arbeidsdagar og lesedagar kan vere ein god ting? Då kan vi dele ei stilling, også må vi bare spise litt mindre.
Det beste ville vore viss vi ikkje trong tene til livets opphold, men bare kunne henge her, heile tida. Vi må finne ei løysning på dette i kollektivet vårt. Det vil jo også gi meir lesetid.
Klart eg har sakna dykk! De er jo morsomme. Eg ler jo saman med dykk! Eg liker å le.
Så kjekt! Eg pleier bare arkivere bøker eg har lese, så eg kjem til å sette bøkene mine i hylla etterkvart som eg har lese dei.
Eg har ganske god oversikt, men eg har av og til kjøpt same bok på norsk og engelsk. Sist eg gjorde det var då eg kjøpte The Sorrows of an American og Det jeg ser av Siri Hustvedt. Tittelen var så ulik, at eg ikkje skjønte at det var same boka, før eg skulle til å begynne å lese Det jeg ser.
Rapporterer inn, for å avverge uforutsette spekulasjonar.
Det trur eg er lurt.
Eg las Rebecca i sommar. Det var ei veldig god bok.
I tilfelle er dei godt gøymde.
Men kan vi ikkje gjere det ein annan dag enn 17. mai? Vi har sånne familietradisjonar og slikt då. Eg er ikkje for urban til å bu på landet, bare eg får ha med kaffemaskinen min til områder utan kaffebar.