Ting som er lov å føle: ALT
Ting som er lov å snakke om: ALT

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg vil se tilbake
på dette sekundet
den dagen
alt bare raser

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er lov å ha
en gråværsdag på innsida

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg heier på deg
selv om du ikke kjenner meg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Rockesokk
fordi absolutt alle er bra nok

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Krigen vil alltid eksistere så lenge uvitende og grådige menn prøver å påtvinge andre sin vilje.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg sat her og nesten brukte «elle -melle» på kva eg skulle lese no i helga…har så utruleg mange bøker eg skulle ha kasta meg over! Men- det vart Gjestene av Agnes Ravatn.
Har lese boka før, men om ikkje lenge skal eg vere med og diskutere romanen i ein lesesirkel eg er med i, så det var best å repetere.
Hugsar eg likte boka godt, og trur eg nesten likar den endå betre no. Her er det lett å drage på smilebanda….humor og ironi er det rikeleg av.
…og om eg skulle bli fort ferdig, så vil eg gå over til Den dagen Nils Vik døde av Frode Grytten.
Eg har fleire andre som ligg og ventar og freistar, men denne fekk eg i ei uventa gåve i går- og innbiller meg at den er verdt å bruke litt tid på…….trass i ein deprimerande tittel!

Ynskjer alle ei god helg, med farsdag og alt……

Godt sagt! (7) Varsle Svar

DET MOTSETTE

Eg prøvde å tenkja på
kva som er det motsette
av bomber

og enda opp
med å tenkja på korn.

Korn som veks så stille
og som kan vaia
så vakkert i vinden

og som kan
gi oss brød.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

UNDERTRUISK

Som å treffa den neste tonen.
Alt spelet som finst i det samspelet
ein lang samtale er. Smil. Små rørsler.
Lyfta eit augebryn, tromma lett med
to fingrar.
Du fekk meg til å forstå at eg hadde
vore undertruisk for lenge. Eg trudde
ikkje der tru trongst. Der tru kunne opna
og famna inn ein større fylde.
Som humlene sine revebjøllekyrkjer. Elvenektar
og dagslysets manna.
Eg snudde meg for å gleda deg med
ei endring eg visste du ville lika, og du skuffa
meg med å ha vore død i mange år.
Eg kunne ikkje lenger hugsa korleis
hausten lukta, utan å minnast fargen
i kleda dine først.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

HIT

Så kom eg fram
til den viktigaste dagen
av alle
Kvardagen

Godt sagt! (1) Varsle Svar

REGLE

Ein, to og store tre.
Alvar ved elva og ei fe.
Ein, to og store tre.

Mosemjuk og jorda fred.
Mumlar mold, nynnar straum.
Røynd er røynd. Draum er draum.

Ein, to og store tre.
Alvar ved elva og ei fe.
Ein, to og store tre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

TYDELEG

Den gylne alleen tek imot meg. Lauvet skin.
Endene pløyer elvevatnet med ungane sine.
den smale bekken fangar òg litt av himmellyset.
Framleis er livskrafta tydeleg overalt.
Det er over fire månadar sidan eg var her ute sist.
Jordfargane ved elveosen rører ved hjarta mitt.
Skyene så kvite mot det blå over stiane.
Sanddynene sine kurver er mjuke i den kalde lufta.
Mektige tre er budde på vinterstormar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

KVIFOR

Eg har ein stein
der ordet
Kvifor?
er gravert inn.
Den er litt flat
litt rund
og god å halda.
Av og til snur
eg den
slik at ordet
Kvifor?
vender ned
mot jorda.
Men i dag
tok eg den
vog den
i handa
og kasta den
med all kraft
i veggen.
Kvifor?
Difor.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du går inn og ut av rommet ditt
Er dette mitt rom? sier du
Det ser ikke sånn ut hos meg

Hvordan ser det ut hos deg?
Det er tre rom i huset, sier du
Der du var ung?
Der jeg er ung

Godt sagt! (0) Varsle Svar

De skal ta bilde av hodet ditt
Må jeg være med, spør du

jeg forteller hva du skal
du er ikke et barn
ingen kan bære deg
og ingen kan være deg

Kan ikke du bare ta med hodet mitt
så kan jeg sitte her
og vente så lenge?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Noen ganger ser du meg når jeg ikke er der
jeg sitter i sofaen din
jeg svarer ikke når du spør
du prøver med mat og kaffe
det hjelper ikke
jeg gjør deg redd

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Minner er en konstruksjon, en konstruktiv prosess som kan lure oss mennesker. Likevel påvirker de oss. Uansett hva som egentlig skjedde, er det avtrykket minnene lager i oss; måten vi husker det på, som preger oss og lager sårene våre.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Jeg lurer på hva det er som gjør at mennesker plutselig kan endre syn på et annet menneske bare fordi vedkommende lukker soveromsdøra med en av samme kjønn. Hvordan kan de det, når mine sommerfugler i magen er akkurat som deres?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kjærteikn frå dine hender
skal ikkje få viske meg ut.
Du skal ikkje stryke bort
mine skogar, kysse alle mine hav tome.

Det finns ei verd bak menns kjærteikn,
ei verd omkring gudar
ved namn støvsugar, vaskefille,
supermarknad.

Det fins ei von bak menns kjærteikn.

Om du visste kva eg tenkte
ville du springe ut av huset.

(Maria Takvam)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nei, så utrolig dårlig gjort:(

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelBjørg L.FiolalpakkaKirsten LundJoakimTone SundlandBeathe SolbergKaren RamsvikFrode Øglænd  MalminOleHeidiElin Katrine NilssenPiippokattaBjørn SturødEivind  VaksvikReadninggirl30Tine SundalIngridKjerstiHarald KKarin BergHilde VrangsagenTanteMamieBjørg RistvedtIngunn SRisRosOgKlagingStig TTove Obrestad WøienLailaBjørg Marit TinholtEvaMarianneNJulie StensethMorten MüllerHeidi HoltanHelena EHenrik  Holtvedt AndersenTonje-Elisabeth StørkersenHilde H Helseth