Her blir du kjend med fødselsdeprimerte Mari. Mannen hjelper lite til med barnet, og ein dag legger han igjen ein lapp og stikker av.
Irmela stikker av frå sitt eige bryllup og er usikker på om ho rakk å bli gift eller ikkje. Ho søker tilflukt hjå Mari, og må dermed trå inn som reservemor fordi Mari er på randen av samanbrot.
Charlotte er ein stilfull motejournalist på utkikk etter fast jobb. Ho har ikkje heilt skjønt alvoret i situasjonen til Mari, truleg fordi småbarnstilværelsen er så fjernt frå hennar livssituasjon som det går an å koma.
Desse tre kvinnene var bestevenar i barndommen, men noko skjedde mellom Charlotte og Irmela som gjorde at kontakten blei broten. No møtes dei snart igjen for første gang på 13 år.
Elizabeth er ei suksessrik kvinne som driv sitt eige interiørfirma og har alt på stell. Utanom den meir dysfunksjonelle familien sin. Ho tek seg av nevøen Luke på 6 år fordi den yngre søstera ikkje klarer rolla som mor. Faren er stille og mutt, og ventar på kona som stakk av for mange år sidan. Sjølv om det verkar som Elizabeth har orden på alt, kan ein skimta ei krise under overflata.
Luke får ein fantasiven som irriterer vettet av Elizabeth. Men etter ei stund blir denne fantasivenen synleg for Elizabeth også. Ivan sin jobb er å hjelpa barn som har det vanskeleg ein periode. Men etter å ha vore med Luke ei stund ser han at det ikkje er Luke som har det vanskeleg, men hans hardt arbeidande tante. Snart er han i gang med å snu opp ned på kvardagen hennar.
Hun gikk på julefester og annendagsmiddager, lekte selskapsleker og pratet, men bare i dagdrømmene sine var hun helt og fullt til stede. Om morgenen favnet hun Olofs kropp i sengen og strøk over hans luftkontur. Snart ville han være der hos henne, ganske snart, og livet kunne begynne. Bare i ventingen var hun levende, ikke i sin egentlige tilværelse med dens ubetydelige små gjøremål.
Hun elsket ikke Olof fordi han behandlet henne som søppel, men for hvor vidunderlig det var når han ikke gjorde det.
Ester er tilbake, og denne gangen har hun lagt sin elsk på skuespilleren Olof. De innleder et slags forhold, selv om Olof er gift. Olof er et prakteksemplar av en dust. Han vil ikke ha Ester, men vil ikke miste henne heller. Han er som regel avvisende, men når han merker at Ester er i ferd med å gå lei eller gi han opp, blir han varm og kjærlig. Og da tennes nok en gang håpet i Ester om at han skal forlate sin kone til fordel for henne. Jeg ble litt trøtt på den evinnelige dansen fram og tilbake mellom dem, og jeg synes ikke boka har den samme intensiteten som jeg likte så godt i "Rettsstridig forføyning". Men Andersson har nok en gang skrevet godt om å være hekta på et håp om kjærlighet.
Ei magisk lesaroppleving! Her følger me den tyske foreldrelause guten Werner, og den blinde franske jenta Marie-Laure før og under andre verdskrig.
Werner har stor interesse og talent for radioar, og blir difor sendt på ein eliteskule for hitlerjugend. Dette er hans moglegheit til eit anna liv enn kullgruvene. Han er berre eit barn, og tifeldigheitene fører han inn i krigen..
Marie-Laure bur med far sin som jobbar på eit museum. Det er fascinerande å få skildra verda slik Marie-Laure ser den. Ho elskar å vera på museet og kjenna på steinar og skjell og høyra alt det spanande professorane kan fortelja om dei.
Så bryter krigen ut, og Marie-Laure og faren må forlata Paris. Faren får i oppgåve å passa på ein verdifull stein, som tyskarane truleg vil ha tak i. Dei får bu hjå grandonkelen til Marie-Laure som ikkje har vore utfor huset sidan han var med i første verdskrig.
Werner som har blitt ekspert på å spora opp radioar blir sendt ut for å stoppa sabotørar. Han gjer jobben sin, men kjenner ei veksande tvil over propagandaen når han ser krigens konsekvensar.
Eit fantastisk tidsbilete, ei spanande historie, varme skildringar av personar og venskap, og utruleg godt språk. Kan anbefalast på det varmaste!
Jeg prøvde å lese denne boka da den kom ut, men jeg ble så irritert at jeg hadde mest lyst til å kaste boka i søpla. Det kunne jeg ikke, siden den tilhørte biblioteket. Jeg innså etterhvert at det ikke var boka det var noe feil med, men tidspunktet jeg først leste den på. Noen bøker krever rett timing og humør, og på andre forsøk så stemte det. Boka handler om Ester, som er besatt av kunstneren Hugo, og tanken på at de to hører sammen. Ester er en hyper-intellektuell kvinne, men når det kommer til kjærligheten er hun like idiot som alle andre. Hun setter hele livet sitt på pause mens hun venter på at Hugo skal gjengjelde hennes kjærlighet. Noe som er ganske innlysende at aldri kommer til å skje. Fantastiske formuleringer om håp og ulykkelig forelskelse.
Denne boka likte jeg veldig godt!
Marina og Andrea var kjærester. Etter flere år møtes de igjen og dras mot hverandre. De er i tjueårene og trenger en plan for framtiden. Marina sin plan er å bli sangstjerne. Andrea sin plan er å bli ostebonde. To kontraster som det er mulig å oppnå av viljesterke mennesker, men som som samtidig er vanskelig å klare når de dras mot hverandre.
Boka gir et veldig godt innblikk i det italienske samfunnet og hvordan arbeidsledighet og økonomi påvirker unge menneskers hverdag.
Silvia Avallone er vel verdt å lese, glem Ferrante, dette er gode bøker fra Italia!
Vær stille nå, så jeg kan høre når stillheten kommer.
Den kan være her når som helst.
Dette var ikkje den koselege boka om nye vennskap og den utfordrande tida med småbarn som eg hadde forventa. Feminisme var eit gjennomgangstema, og Frøydis som me vart mest kjend med har vanskar med å vandra rundt i i ei av dei litt uglesette barselgruppene og samstundes halda på sitt feministimage. Personane i gruppa var ganske ulike, men alle vart framstilt på ein litt ironisk parodisk måte som eg ikkje heilt forstod. Heile stemninga var liksom så pessimistisk. Det er inga historie her, det er berre dei fire jentene sine kvardagsbetrakningar. Babyane kjem heilt i bakgrunnen. Skuffande!
Innhaldet er vel det samme....
Utruleg fin bok om ventande mødre på eit sjukehus. Med forskjellig alder og situasjon, frå ulike samfunnslag, med ulike erfaringar og forventningar. Det skjer også ulike komplikasjonar før og under fødslane. Her er det mange rørande vakre scener, men og nokre hjerteskjærande triste.
Sjølv om boka er skriven i 1976 er den lærerik for ventande mødre idag. Når ein fekk alle desse svært ulike opplevingane tett opp mot kvarandre, vart i alle fall eg medviten om kor mykje den mentale førebuinga har å seie.
Noveller fra forskjellige kvinnelige forfatterstemmer som viser hvor forskjellig man kan oppleve fødsel. Novellene var stemningsfulle og hadde godt språk. Det at de var så forskjellige gjorde boken tankevekkende og interessant.
Då Helena Brodtkorb fekk eit kolikkbarn var ho ikkje førebudd på kor slitsomt det kom til å bli. Denne boka set ord på frustrasjonar som mange truleg vil kjenna seg att i. Og om ein ikkje kjenner seg att endå kan det likevel vera lurt å lesa persolege erfaringar frå forskjellege typer mødre. Det er best å førebu seg på at livet med baby ikkje berre blir koseleg!
Det gjeld å ha lågt ambisjonsnivå og ikkje leggja enorme mengder med planar for denne tida som garantert kjem til å bli veldig travel og utfordrande. Dette er ei utruleg god bok!
Tusen takk for tips. Har lagt den til på leselista :-) har oppretta ei eiga bokhylle kalt svangerskap og fødsel!
Dagbok om ventetiden mot fødselen. Koseleg å lesa hennar personlege tankar, gleder, bekymringer og planlegging. Eg kunne gjerne ha lese endå meir detaljerte skildringer for å læra meir om svangerskap. Det kan eg truleg lesa meg til i faktabøker, men det er kjekkare å lesa personlege skildringer. Det var uansett ei koseleg lesaroppleving. Eg kunne kjenna meg att i mange av tankane til Elin.
Lettlest chick-lit om moderne ung kvinne som elsker jobben sin som journalist, samt glad i å feste og ha det gøy. Helt uventet blir hun gravid, og bruker lang tid på å venne seg til tanken. Hun er ikke som mange andre kvinner som leser bøker om svangerskap, legger om livsstilen, kjøper inn utstyr, snakker om babyer og gleder seg. Det var en forfriskende vri på tema. Jeg var mindre interessert i journalist-delen av boka, som er ganske stor. Men boka er veldig underholdende og lettlest. Dessverre er det ikke all verdens skjønnlitteratur med svangerskap som sentralt tema.
Dersom noen vet om gode skjønnlitterære bøker om svangerskap og fødsel tar jeg gjerne imot forslag!
Denne fekk eg lyst til å lesa :-) Sjølv om eg mistenker ut frå skildringa at den får ein tragisk slutt. Men det må eg jo finna ut!